Bent Inge

Turrapport Panama med bilder og film

Recommended Posts

Torsdag
Turen starta torsdag 10 mai med fly frå Bergen kl 06.30. Etter mellomlandinger i Amsterdam og Bogota ankom eg Tocumen flyplassen utenfor Panama City rundt midnatt. Visum vart ordna og bagasjen henta før ein hyggelig taxisjåfør kjørte meg til eit hotell i Panama City. Det viste seg at han var bilinteressert og hadde hatt mange raske biler, inkludert ein Nissan 200SX. Eg hadde og 200SX i fem år så kjøreturen på tre kvarter flaug avgårde mens me prata bil. På tidlegare turer har taxiutvalget variert frå tuk-tuk’er, til kule 50-talls veteranbiler og ein del kjedelige nyere biler. Bilinteressen til taxisjåføren spegla seg og igjen i valget av taxi, han kjørte nemlig ein ny Mercedes S-klasse ved bensin V8. Fantastisk bil og herlig kjøretur. Vel framme på hotellet i halv to tida om natta tok det ikkje lang tid før Jon Blund vant og eg befant meg i drømmeland.

Fredag
Eg overnatta i toppleiligheten på hotellet og i den var det to andre soverom. Fredag morgen traff eg Tony og Peter som og hadde overnatta der. Tony er frå USA og han hadde eg fiska med tidligere i vår i Colombia. Peter er frå Australia, men er gift med ei frå Sverige og er busett i Norge. Oss tre fiska i samme båt denne reisa. Etter ein herlig frukost tok eg meg ein tur ut for å ta ut litt dollar og kjøpe mat og drikke. Klokka to vart me henta med minibuss utenfor hotellet før turen gjekk videre til flyplassen for å hente resten av gjengen. Seth, som eg har fiska med fleire gonger, var den som arrangerte turen. Totalt besto turfølget av 10 personer der alle unntatt meg og Peter var frå USA. Mange hadde vore med på denne turen fleire gonger og praten gjekk løst på den sju timers bussturen til Panama Sport Fishing Lodge som ligg i byen Boca Chica lenger nord i landet. Her var eg for fire år siden også, men då var det i januar og me fiska ikkje etter tunfisk. Gulfinnet tunfisk og aller helst stor tunfisk var denne turens hovedmål. Etter ein lang busstur gjorde det godt med ein bedre middag på campen før me la oss.

Lørdag
Lørdag var første fiskedag og me reiste frå campen kl. sju om morgonen. Båten var på rundt 30 fot og hadde to store Yamaha-motorer i hekken. Ein rask båt er viktig siden tunfisken flytter seg fort og man må kunne kjøre etter den eller kjapt flytte seg til områder der tunfisken beiter i overflaten. Skipperen vår heitte Carlos og medhjelperen Kevin, begge to var veldig hyggelige og dyktige. For å komme ut på fiskeplassene var det første dagen nesten to og ein halv times båttur før me kom fram til Hannibal Bank. Dette er eit stort område langt til havs. Rundt Hannibal Bank er det fleire hundre meter djupt, men oppå den varierer djupet frå 20 til 100m. Her samles store mengder småfisk og større fisker følger etter for å beite på dei. Mens me for fire år siden kjørte fram og tilbake kvar dag, hadde me på denne turen booka eit skip som me kunne overnatte på. Dette låg ved øya Coiba, bare 30 minutters båttur frå Hannibal Bank. På denne måten fekk me meir effektiv fisketid og kunne fiske om ettermiddagen som blir rekna for å være meget bra etter tunfisk. Gulfinnet tunfisk jakter i stim og presser byttefisken til overflaten. Når dette skjer svømmer tunfisken raskt i overflaten og eter byttefisk. Det er imidlertid ikkje einaste trusselen for dei små byttefiskene, dei har og ein trussel ovenfrå. Store mengder fugler stuper ned og tar fisk. Delfiner melder seg og på etegildet i hopetall. Under denne seansen ser det nesten ut som vatnet koker, derav det engelske ordet boils som brukes for å beskrive dette. Siden me ikkje har noko godt norsk ord for dette kjem eg til å bruke boil. Som eg nevnte i turrapporten frå Colombia er ofte boils over iløpet av svært kort tid og man må være klar til å kaste med ein gong båten nærmer seg. Som regel får man bare eit eller to kast før det har flytta seg videre. Carlos og Kevin var flinke med å lokalisere boils og flytte båten i rett posisjon for oss som skulle kaste. Det var interessant å sjå teknikken kapteinen Carlos brukte når han såg boils. Mange andre båter durte inn til stimen med ein gong dei såg ein boil, noko som resulterte i at tunfisken blei skremt og forsvant med ein gong. Carlos venta heller litt og lot tunfisken få fred ei kort stund. Dette resulterte som oftest i at boilen auka i størrelse med fleire aktive fisk og at den vart mindre sky. I tillegg roa han ned farten litt før han nådde fram til boilen for ikkje å skremme fisken. På denne måten fekk me fleire tunfisk i overflaten og fleire kast siden den ikkje vart så skremt. Me såg nokon boils tidlig på dagen, men dei ville hverken ta stickbaits eller poppere. Etterkvart rigga me to kraftige havfiskestenger med chumbait, dvs ein bit av fisk festa på ein sirkelkrok man lar synke sakte ned i vannmassene uten nokon form for søkke. Plutselig begynte begge snellene og hyle og Peter og Tony kjempa med kvar sin tunfisk. På tross av at det var 80 punds stang og Avet 50 punds snelle med kraftig monofilamentsnøre kjempa fiskene godt. Peter tok den største på rundt 80 pund, med Tony sin hakk i hæl. Midt på dagen fekk me og nokon jack crevalle på jigging. På lett utstyr kjemper desse fiskene meget bra. Utover ettermiddagen dukka det opp fleire boils og eg tok ein tunfisk på 75 pund (35kg) på Amegari Urpekaril. Denne har vist seg å være meget giftig for tunfisk, fleire av tunfiskene eg tok i Colombia vart og tatt på denne popperen. Sjølv om kroken satt i munnen hadde fisken klart å snodd fortomen rundt seg. Dette førte til at kampen ikkje vart så heftig som den kunne blitt og eg hadde den inne ved båten etter tre minutter. Mot slutten av dagen auka både vindstyrke og bølgehøgde på og i halv seks tida var me ved skipet me skulle overnatte i. Her budde me i tomannslugarer med kvart sitt bad. Det var og bra plass til å ete og maten var god. I tillegg til vår fiskebåt var det to andre båter, ein med tre fiskere og ein med fire fiskere. Denne første dagen var det imidlertid tre fiskere i alle båtene pga ein av deltakerane hadde fått flyet sitt kansellert og derfor mista første fiskedag. Det viste seg at dei andre båtene hadde tatt tunfisk opptil 100lb og mista ein stor etter ein times kamp. Ein lang dag på sjøen tærte på kreftene og etter ein god middag la me oss i halv ti tida.

Søndag
Søndag starta lovende med fleire boils om morgonen. Sjølv om dei fleste var kjapt over varte den eine i nokon minutter. Tony nytta anledningen til å ta ein tunfisk på 60lb på stickbait. Eg og Peter tok ingenting sjølv om havet kokte av fisk og me hadde fleire perfekte kast enten midt i eller rett ved fisken. Det virker som tunfisken ofte er så fokusert på agnfisken at den ikkje bryr seg om andre ting. Kor man skal kaste er ein avveining man må ta; kaster man midt i boilen er det større sjanse for å få fisk, men det er og stor sjanse for at andre tunfisk svømmer på snøret etter fisken er på og dermed kutter snøret. Det beste er om man klarer å kaste enten rett foran eller i utkanten av stimen. Dei største tunfiskene er som regel også i utkanten og/eller under stimen. Jack Fin Pelagus 165S er ein synkende stickbait som fungerte meget bra på denne turen. Etter å ha kasta den ut lot me den synke nokon sekunder før me dro den inn med sideveis sveip med stanga. Generelt var det synkende stickbaits som fungerte best for oss, men eg veit fleire på dei andre båtene tok mange tunfisk på poppere og. Heru Skipjack er eit sikkert kort om man vil bruke popper etter tunfisk. Felles for både Jack Fin Pelagus og Heru Skipjack er at dei er rimeligere prisa enn mange andre merker. Då svir det ikkje så i lommeboka om man skulle miste nokon. Etterkvart prøvde me med chumbait på kraftig utstyr. Eg tok tre tunfisk med største rundt 90lb (40kg) og dei andre tok kvar sin. Alle desse låg frå 50 til 90lb. Midt på dagen er det som oftast mindre aktivitet frå tunfisken. Etter lunch tok me nokon mullet snapper, jack crevalle og ein dorado på chum. For å få bedre kamp rigga me til med chumbait på min Saltywater Tackle OBX400 jiggstang med Shimano Stella 20000 snelle. Etter ei stund smalt det på ein tunfisk og Tony starta kampen. Fisken virka stor og kjempa godt. Nokon minutt seinare bytta me og eg overtok stanga. Plutselig knakk stanga i øverste håndtaket og eg sto der med ein halvmeter igjen av stanga og ein vill tunfisk i andre enden av snøret. Kevin starta kjapt å hale inn snøret for hånd mens eg sveiva inn etter beste evne. Med ein gong dette skjedde fekk eg flashback til Havøysundturen i fjor då to kveiter vart dratt inn for hånd, den største på 70kg. Tunfisken var sterk, men me fekk inn meter for meter med snøre. Snart kunne me skimte den nedi vatnet der tunfisken karakteristisk svømte i sirkler den siste delen av kampen. Fisken var like under båten og Tony gjorde seg klar med kleppen. Men like før han får satt inn nådesstøtet røyk snøret. Tunfisken som var estimert til 100-120lb forsvant i dypet og resten av stanga mi med den. Det er tydelig at Saltywater Tackle OBX 400 stenger har eit seriøst kvalitetsproblem. Om kvelden denne dagen fortalte ein av dei andre deltagerane at han hadde knekt to OBX 400 stenger på fjorårets tur til Panama og begge knakk på akkurat samme plassen som meg (øverst på øvre håndtak). Me prøvde å dorge litt etter marlin med bonito som agn, men dette ga ikkje resultater. Tilbake igjen ved skipet nevnte Carlos at det var masse hai i område. Tony blei gira på å prøve med stang så ein stor krok med ein bit tunfisk blei slengt ut. Bare sekunder etter den traff vatnet var haien på og Tony måtte i all hast få på seg seletøyet før kampen kunne starte. Haien var sterk, men hadde ikkje lange utras. Etter åtte minutter kom ein 200lb bullshark motvillig til overflaten og måtte innsjå at slaget var tapt. Den fekk imidlertid raskt friheten tilbake og kunne svømme ned i dypet igjen. Sjølv om det var ein stor hai har det blitt tatt tre gonger så store på stang her før. Seth sin båt hadde hatt meir hell med tunfisken og fant ein boil som varte i to timer sammenhengende. Dei tok rundt 30 tunfisk og mista mange fleire denne dagen.

Mandag
Mai er starten på regntiden i Panama og mandags morgon åpna slusene seg for fullt. Me var einaste båten som gjekk ut til planlagt tid om morgonen, men dei andre kom ut etterkvart. I starten var det masse regn og bølger og me valgte derfor å trolle etter marlin uten at det ga resultat. Været roa seg heldigvis kjapt og etter ei stund smalt det på ein stor tunfisk på chum. Tony tok stanga og nå fekk han verkeleg testa utstyret sitt. Stanga var ein Black Hole Cape Cod 300 som han hadde bygd sjølv, snella ei Stella 10000, 65lb Power Pro Depth Hunter snøre og bare 100lb fortom. I starten tok fisken tre lange utras i høgt tempo. Etterkvart gjekk den ned på djupere vatn og det vart raskt klart at dette var ein fisk av eit heilt anna kaliber enn det me hadde fått til nå. Med maks brems av det me turte og ein råsterk tunfisk i andre enden av snøret blei dette ein drakamp av dimensjoner. Dette suger imidlertid krefter utav fiskeren og det tar ikkje lang tid før både ryggen verker og underarmene begynner å skjelve av utmattelse. Etter fem minutter tok eg over og holdt ut ca like lenge. Peter er høg og veltrent og pumper jern på fritida så han holdt ut mykje lenger enn meg og Tony, men sjølv han måtte bytte etterkvart. På grunn av tynn fortom og snøre kunne me ikkje skru bremsen i bunn og stanga bøygde seg heilt ned i håndtaket. Difor var det begrensa med løftekraft. Me auka bremsen forsiktig et par gonger, med eit knepp kvar gong. Ekkoloddet viste at det gjekk ei grense på 50 meters dyp mellom kaldt djupvatn og varmere overflatevatn, dette vert kalt ein termoklin på fagspråket. Sjølv om me for ei kort stund klarte å dra den opp av det kalde vatnlaget svømte den kjapt ned igjen. Truleg pga vatnet her er kaldere og meir oksygenrikt. Og sånn fortsatte drakampen. Eg og Tony tok i det me klarte, men Peter tok mestedelen av kampen. Kevin steppa og inn nokon minutter for å kjenne på kreftene til fisken. To timer etter kampen starta begynnte Peter å få inn litt meir snøre, men då skjedde det alle frykta. Med eit smell rauk snøret og me måtte skuffa konstatere at tunfisken gjekk av med seieren. Då me fekk opp snøret såg det veldig tvinna ut og vår teori er at fisken har svømt så mange runder at tvinningen av snøret i kombinasjon med kraftig brems har ført til at snøret rauk. Stanga er eg veldig imponert av. På tross av meget kraftig brems og lang kamp pluss ein større fisk enn det den egentlig er berekna for fungerte Black Hole stanga heilt feilfritt. Her har Tony og gjort ein veldig god jobb som stangbygger. Han har eit eget firma som heiter Snatchin Lips, så om du vil ha bygd ei stang kan eg anbefale å ta kontakt med han. Skal man ha jiggstang etter virkeligstor tunfisk er det lurt å gå opp i 400 eller 500g klassifisering for å ha meir løftekraft. Etter me mista fisken sjekka me bremsen. Carlos prøvde etter beste evne å dra snøre av snella, men bremsen var så hard at han ikkje fekk ut ein cm eingong. Sjølv om det var skuffende at me mista fisken var det ein stor opplevelse å få kjenne på dei enorme kreftene. Dette er egentlig umulig å forklare uten å ha opplevd det sjølv. Og eg innså at for å ha sjans til å holde ut med desse beistene må eg legge ned mange timer med styrketrening. Etter dette vart det litt overflateaktivitet igjen. Peter mista ein fin fisk bare ti meter under båten, Tony mista tre fisk og eg mista ein tunfisk pga snøret rauk av. Det som er litt spesielt med fisken eg mista er at etter at snøret rauk løsna popperen frå kjeften til fisken og flaut i overflaten. Ein av dei andre båtene i gruppa vår oppdaga popperen og eg fekk den tilbake igjen seinare på dagen. Utpå ettermiddagen smalt det på ein stor fisk for Peter. Han hadde med to utrustninger til kasting på denne turen, ein kraftig og ein lett. Denne tunfisken kjempa han med den lette utrustningen, dvs ein Daiwa stang rangert til PE5, Daiwa Catalina snelle og 40lb Power Pro snøre. Etter ein halv times hard kamp avlasta Tony han i fem minutter før Peter tok siste del av kampen. Ettersom tunfisken kom nærmere og nærmere overflaten innså me kor diger den var. Bare 40 minutter etter den tok var ein massiv 200lb (100kg) tunfisk sikra ved båtsida. Heile tre klepper og to mann måtte til for å dra den om bord. På det lette utstyret er det ein prestasjon av dimensjoner å få den inn på så kort tid. Spesielt når man tenker på at han tidligere på dagen kjempa lenge med fisken me mista. Når me ser størrelsen på denne kan me bare spekulere i kor stor tunfisken me mista var. Men ein ting er sikkert; den må ha vært diger! Etter ein bildesession vart tunfisken filetert etter alle kunstens regler. Me fekk smake råfersk sushi og resten blei tatt vare på for å gje til innbyggerane i Boca Chica. Dei fleste tunfiskene me fekk vart slippt ut utenfor båten for at det skal vere mest mogeleg skånsomt for fisken. Men nokon vart tatt opp til middag for oss om kvelden og nokon tatt med som mat til landsbyen. Enkelte av dei ifrå USA hadde også med litt tunfisk heim i kjølebag. Dei to andre båtene hadde tatt bra med tunfisk i antall, men hadde ikkje vært borti like store som våre. 100 kilos tunfisken var eit perfekt plaster på såret etter den store me mista så me reiste alle tilbake med eit smil om munnen den dagen.

Tirsdag
Tirsdag morgon starta med ein halv times innaskjærsfiske etter cubera og roosterfish. Naturen var spektakulær, men fisken var ikkje heilt sammarbeidsvillig. Deretter sette me kursen rett til havs. Etter ei stund fann me ein lokal fiskebåt. Rundt desse er det alltid masse småfisk og iblandt større tunfisk også. Med små sluker og wobblere fanga me kjapt mange bonito. Dette er ein liten tunfiskart som er veldig ettertrakta som agnfisk. Med lett utstyr gir dei faktisk også ein veldig god kamp. I tillegg til bonito tok me også fleire jacks og dorado. Doradoen er ein rå fisk med sitt fargerike utseende og akrobatiske hopp. I vatnet såg me og mange stilige triggerfish som svømte langsmed båten, tydelig nyskjerrige på kva dette rare over havoverflaten var. Då me hadde fått nok agnfisk vart to kraftige stenger rigga med kvar sin bonito og dorgingen etter marlin kunne starte. Fiske etter marlin er vanligvis ein tålmodighetsprøve og det kan gå både dager og uker før fisken biter. Bare 40 minutter etter me starta hylte den eine snella som ein stukken gris. Kevin kjørte opp bremsen og Carlos ga bånn gass for å sette kroken. Snella fortsatte å skrike og stanga bukka dypt; kampen var i gang! Sekunder seinere kunne me sjå ein diger black marlin hoppe fleire gonger. Carlos anslo den til 400-500lb og eg var kjapp med å få på seletøyet. Eg kjente god tyngde frå fisken og starta å pumpe inn snøre. Men plutselig rauk snøret. Litt kjedelig, men sånt skjer iblandt. Etter lunch oppdaga me fleire store boils og dette bare fortsatte. Heilt frå kl 12 til me reiste heim kvart over fem var det texas med store boils på rekke og rad. Der mange boils før var over rett etter me kom fram varte dei nå i fleire minutt og fisken var ikkje like sky som tidlegare. Fleire gonger kom både agnfisk og jagende tuna rett ved sida av båten. Synet av kokende sjø full av agnfisk, tunfisk og delfiner samt fugler som stuper kjem eg til å hugse resten av livet. Det er spesielt å sjå tunfisk opptil 40-50kg som hopper klar av vatnet få meter frå båten. Dei fleste tunfiskene me tok var 10-20kg, med enkelte opp mot 30kg. Totalt tok me 30-40 tunfisk på vår båt og nokon gonger kjørte alle tre fisk samtidig. Dei aller fleste vart satt ut igjen. Då me kom tilbake til skipet om kvelden kjørte me inn i ei vik fordi Carlos og Kevin ville vise oss krokodiller. I det me nærma oss land såg me fleire mørke skygger og fire eller fem krokodiller vart lokalisert. Kevin tok den krafigste stanga mi med ein Heru Skipjack og la i vei eit langt kast. Vatnet eksploderte og det var fast… krokodille! Utenom nokon hoderistinger følgte den ganske fint med inn til båten. Etter nokon sekunder der den såg på oss langsmed båtsida løsna kroken og krokodilla forsvant. Sannsynligvis har krokodilla bare bitt rundt popperen og spytta den ut ved båten. Uansett var det ein artig opplevelse å få sjå ein vill krokodille – tatt på popper. Popperen blei merka for livet med deler av den som blei bite av og mange bitemerker. Begge dei to andre båtene hadde og hatt meget bra fiske og stemningen var ekstra god den kvelden.

Onsdag
Onsdagen fanga me bonito og starta å dorge etter marlin. Etter bare 30 minutter smalt det på nytt på ein fisk. Kroken satt og ein stor marlin hoppa i horisonten. Siden både Peter og Tony hadde tatt marlin før insisterte dei på at eg skulle fighte fisken. Seletøyet kom kjapt på og eg sveiva som ein gal for å få kontakt med fisken. Etterkvart kjente eg tyngde og jobben med å pumpe opp fisken starta. Carlos anslo denne til ca like stor som den me mista dagen før. Tida gjekk og kampen passerte ein time. Fisken var fremdeles sterk og det var ein drakamp fram og tilbake med meg og marlinen. Pga bruddstyrken på snøret kunne me ikkje ha alt for masse brems. Etter halvannen times kamp var eg utslitt og ga stafettpinnen videre til Tony. Han kjempa bra på i 25 minutt før plutselig ein av stroppene på seletøyet røyk. Peter steppa inn og overtok kampen. Men å fighte ein diger marlin uten skikkelig seletøy er ikkje å anbefale så etter få minutt overtok eg igjen. I mellomtida fekk Peter og Tony midlertidig fiksa seletøyet ved å knytte det saman. Peter overtok fisken og kunne nå legge press på fisken igjen. Marlinen hadde fleire gonger gått opp mot overflaten, men nå kom den opp rett ved båten. Me såg ein diger skygge og plutselig hoppa marlinen tre gonger rett ved båten. Dette var ikkje ein 400-500lb marlin, Carlos sa at dette definitivt var ein 700lb (300kg) black marlin. Fisken sette kurs bort frå båten og etter nokon runder i overflaten blei snøret plutselig slakt. Peter sveiva det han var god for i håp om at fisken svømmte mot båten, men etter kort tid kom kroken opp. Kroken hadde rett og slett løsna frå munnen. To og ein halv time etter snella skreik for fyrste gong var kampen over og me var sjølvsagt skuffa. Men eg trur Carlos og Kevin var endå meir skuffa, dei hadde virkelig håpa at me skulle få inn denne fisken. Likevel var det ein opplevelse for livet bare å kjempe med og sjå marlinen. Resten av dagen gjekk med til å jakte tunfisk. Fisket var roligere enn dagen før med mindre og færre boils. Likevel tok me rundt 10 tunfisk til sammen i båten frå 10-30kg. Peter kjempa med ein stor i ca 20 min før han ba meg overta. Eg kjente med ein gong at det var ein diger fisk, men begynte å få inn meter etter meter. Ikkje langt under overflaten sette tunfisken i eit siste utras. Med steinhard brems måtte eg lene meg bakover og virkelig bruke tyngden for ikkje å bli dratt over bord. Plutselig blei blei snøret slakt og det viste seg at kroken hadde løsna. Dette er lite å gjere med, men litt surt siden Peter anslo denne til å vere endå større enn den på 100kg som blei tatt nokon dager før. Skipet me overnatta på hadde flytta seg nærare campen iløpet av dagen og me ga oss derfor med fisket litt tidligere.

Torsdag
Torsdag var siste fiskedag. Nokon boils såg me, men desse var veldig kortvarige. Som regel var dei over før me kom fram. Carlos tok oss bort til ein lokal fiskebåt som sette line etter tunfisk. Bak båten var det mengder av småfisk og bonito, men og fleire digre tunfisk. Dei største må ha vore over 50kg. Trikset her var å kaste så nærme som mulig bak båten uten å kaste over lina dei la ut. Tony mista ein stor fisk etter kort stund pga snøret rauk. Sjølv om me hadde nokon fleire napp, fekk me faktisk ikkje fisk denne siste dagen. Ein lang båttur venta oss siden me skulle kjøre heilt tilbake til campen og difor ga me oss med fisket i tre tida. Vel tilbake vart kofferten pakka og middagen fortært.

Fredag og lørdag
Dagen etter åt me frukost halv seks og kjørte avgårde til flyplassen i byen David . Etter ein times flytur landa me igjen i Panama City og her splitta me lag. Eg og Peter som skulle tilbake til Europa hadde sju til åtte timers venting før flyene våre gjekk. Det er alltid kjekt å være to når ein venter så etter ein middag og nokon timers fiskeprat gjekk me om bord på flyet. Eg hadde mellomlandinger i Paris og Amsterdam før eg ankom Flesland flyplass lørdag kveld i ellve tida. Litt over kl. to om natta var eg heime og 37 timer etter me forlot campen i Boca Chica sovna eg som ein stein. Panama er virkelig eit fantastisk reisemål for sportsfiskere. Fisket etter gulfinnet tunfisk i mai er det vanskeleg å matche andre plasser i verden. Det at me hadde på to marlin iløpet av den korte tida me fiska etter det seier og sitt. Det er tydelig at det er masse marlin på Hannibal bank. Den eine dagen me fiska såg me og to andre båter som kjørte marlin, men begge blei mista. Den eine var for øvrig på lett poppingutrustning. Dersom man bruker meir tid innaskjærs er det gode sjanser for cubera snapper, roosterfish og mange andre spennende arter. Takk til alle for ein fantstisk tur! Og ein spesiell takk til Seth for å arrangere turen.

  • Thanks 1

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Tripreport Panama in english.

Thursday
The trip started Thursday May 10th flying from Bergen at 6.30AM. After transits in Amsterdam and Bogota I arrived at Tocumen airport outside Panama City around noon. I picked up my baggage and got my visa sorted out before I was picked up by a cabdriver that took me to the hotel. He loved fast cars and told me about all the sportscars he had owned, including one Nissan 200SX. I had a 200SX for five years so the entire drive to the hotel we talked about cars. On the other fishingtrips the taxis have varied from tuk-tuk’s, cool vintage cars from the 60’s to cheap and boring new cars. It was easy to see that the the taxidriver loved cars, his taxi was a brand new Mercedes S-class with petrol V8 engine. Such an awesome car! When I reached the hotel at 1:30AM I could finally get some sleep.

Friday
I stayed at the apartment on the top floor and it had three bedrooms. Friday morning I met Tony and Peter who had also slept there. Tony is an american I had fished with in Colombia earlier this year. Peter is an australian married to a swedish girl and living in Norway. The three of us fished the same boat this trip. After a great breakfast I went out to whithdraw some dollars and get some more to eat and drink. At 2PM a minibus picked us up outside the hotel. We drove to the airport to pick up the others. Seth, who I have fished with several times before, arranged this trip. We were a total of 10 persons and everyone except me and Peter were from USA. Many had been here several times and the seven hour busride flew by. Our destination was Panama Sport Fishing Lodge in a town called Boca Chica up north in Panama. I had been here four years ago as well, but then it was in January and we were not fishing for tuna. Yellowfin tuna, and hopefully big yellowfin tuna was the main target on this trip. After a long busride it was great to sit down and enjoy a great dinner before we went to sleep.

Saturday
Saturday was the first fishingday and we left the camp at 7AM. Our boat was around 30 feet and had two big Yamaha engines. A fast boat is cruicial since the tuna move fast and you need to get quickly to the areas where the tuna chase baitfish in the surface. Our skipper was named Carlos and his deckhand Kevin, both very good. To get to the fishing ground we had a two and a half hour boatride before we reached Hannibal Bank. This is a huge area far from shore. Around Hannibal Bank the ocean is several hundred meters deep, but on the bank it is 20-100m. Large numbers of small baitfish gather here and the bigger fish follow to prey on them. On my previous trip we stayed at he lodge and had two long boatrides each day. This trip we stayed at a mothership located at the Coiba island, only a 30 minute boatride from Hannibal Bank. This way we got more hours of fishing and could fish in the afternoon, which is regarded as very good for tuna. Yellowfin tuna hunt in schools and force the baitfish to the surface. When this happens the tuna swim rapidly in the surface and eat baitfish. That’s not the only threat for the baitfish, hundreds of birds dive into the sea to grab them. Schools of dolphins also join the hunt. When this happens it looks like the water is boiling, thats why we call it tunaboils or just boils. As I mentioned in the tripreport from Colombia the boils usually last a very short time. You’ll have to be ready to throw when the boat slows down and usually you only get one or two cast before the tuna have moved. Carlos and Kevin were great at finding boils and moving the boat in the right position for us. It was very interesting to see the technique Carlos used when he saw boils. Many other boats approached the boils at high speed as soon as it started, which usually resulted in scaring the fish. Carlos waited a bit longer, which resulted in the boil increasing in size and the fish was not that shy. He also slowed down the boat before he reached the boil not to scare the fish. This way we had many more feeding fish in the surface and more casts. We saw some boils early this day, but they didn’t want to take either poppers or stickbaits. After some time we rigged two heavy rods with chumbait, this is a piece of baitfish on a hook with no sinker. It sinks slowly down into the ocean. Suddenly both reels started screaming and Peter and Tony fought one tuna each. Although it was a 80lb rod and a Avet 50lb reel with thick monofilament line the fish fought very well. Peter got he biggest at 80lb with Tony’s tuna a little bit smaller. In the middle of the day we got some jack crevalle on jigging and on light tackle these gave us quite a good fight. Later that day we found some more boils and I got a 75lb (35kg) tuna on a Amegari Urpekaril popper. This has proven to be amazing for tuna and I caught several of the tuna in Colombia on this popper. Although the hooks were in the mouth of the fish the leader had been tangled around the fish. This meant that the fight was not as good as it could have been and I got the tuna to the boat in only three minutes. At he end of the day both the wind and waveheight increased and at 5:30PM we entered the mothership. Me and Peter shared a cabin and every cabin got their own bathroom with shower. We had a nice area to chat and eat and the food was good. In addition to our fishingboat, there were two other boats, one with three fishermen and one with four. But this first day all boats had three because one of the guys got his flight cancelled and missed the first day of fishing. The other boats had got tuna up to 100lb and lost a big one after fighting it for an hour. After a long day at sea and a good dinner we went to bed at 9:30PM.

Sunday
We saw some boils sunday morning. Althoug most of them disappeared fast one of them lasted for some minutes and Tony got a 60lb tuna on a stickbait. Me and Peter caught nothing although the water was boiling with fish and we had several perfect casts either in the middle of or just outside the boil. Where to cast is a decision you need to make. If you throw in the middle of the boil it is a good chance you get a bite, but it’s a risk that other tunas swimming by can cut the line after it’s hooked. The best is if you thow just in front or at the border of the boil. The biggest tuna are usually at the outskirt of he school or beneath it. Jack Fin Pelagus 165S is a sinking stickbait that worked very well on this trip. After throwing it we let it sink for some seconds before we fished it with long sweeps with the rod. In general sinking stickbaits was the best for us, but I know some of the other boats caught plenty of tuna on poppers as well. Heru Skipjack is a well known popper for tuna. Both Jack Fin Pelagus and Heru Skipjack is cheaper than many other lures which helps if you loose some. After a while we tried chumbait with the heavy tackle. I got three tuna with the heaviest estimated to 90lb (40kg) and Peter and Tony took one each. All of these were 50-90lb. In the middle of the day the tuna is usually less active. After lunch we caught some mullet snapper, jack crevalle and a dorado on chum. To get a better fight we rigged my Saltywater Tackle OBX400 jiggingrod with a Stella 20000 reel. After a little while a tuna was on and Tony grabbed the rod. The fish fought well and seemed pretty big. Some minutes later we switched and I got the rod. Out of nothing the rod snaps off at the upper handle and I stood there with a half a metre of rod left and a strong tuna in the end of the line. Kevin started to handline the fish and I reeled in. The second the rod broke I got a flashback to Havøysund last year, where two halibuts had to be handlined, with the biggest estimated to 70kg (155lb). The tuna was strong, but we gained meter by meter of line. Suddenly we could see it deep down in the sea where it swam in circels. This is what the tuna does in the last part of the fight. As the tuna was just below the boat Tony grabbed the gaff. But seconds later the line breaks off and the tuna estimated to 100-120lb swims down and the rest of my rod with it. It’s clear that Saltywater Tackle OBX 400 rods got a serious quality issue. That same evening one of the other guys told me that he broke two OBX 400 rods on last years trip to Panama and both snapped at the exact same place as mine (at the upper handle). We tried trolling with bonito as bait for marlin, but with no result. Back at the mothership Carlos mentioned that it was plenty of sharks in this area. Tony wanted to fish for it so a big hook with a piece of bonito was thrown overboard. Only seconds after it hit the water the shark was hooked and Tony hurried to get the harness on. The shark was strong, but didn’t have any long runs. Eight minutes later a 200lb bullshark came to the surface before it was released again. Although this was a big shark, they had caught sharks three times as big here before. Seth’s boat had more luck with the tuna this day. They found a boil that lasted for two hours and caught about 30 tuna.

Monday
May is the start of the rain season and Monday morning it poured down. We were the only boat that started fishing at normal time, the other ones came out later that day. In the beginning of the day we got plenty of both rain and waves. Although we had some trolling for marlin we didn’t get any bite. The weather got significantly better and a big tuna took our chumbait. Tony grabbed the rod, which was a Black Hole Cape Cod 300 he had built himself. It had a Shimano Stella 10000 reel with 65lb Power Pro Depth Hunter and only 100lb leader. At the start of the fight the tuna had three long runs at high speed. Then it went into deeper water and we understood that this fish was way bigger than any tuna we had caught earlier. The brake was set to maximum of what we dared to use and with the massive fish this became an extreme fight. This is very tiering on the fisherman, it doesn’t take long before your back start to hurt and your arms trembles. After five minutes I changed with Tony and I fought it about the same time. Peter is tall and strong and works out on his spare time and he could fight for much longer than me and Tony. But even he had to change after some time. Because of thin braid and leader we could not use maximum brake, we therefore didn’t have so much liftingpower. The rod bent all the way to the reel seat. We increased the brake a couple of times with one more click each time. The fishfinder showed a termocline at 50m depth, i.e. the depth where it changed from hot surfacewater to cold deepwater. Although we managed to get he fish up a little bit from the cold water, it soon swam down again. Probably because the deep water was colder and contained more oxygen. The fight went on. I and Tony fought what we managed and Peter took most of the fight. Kevin also fought it for some minutes just to feel the power of the fish. Two hours after the fight had started Peter gained a bit more line, but then it happened what all of us feared; the line broke. When we reeled it in we saw that the line was very twisted and our theory is that the tuna swam in circles twisting the line and this in combination with a lot of brake caused the line to snap off. I was very impressed by the rod. Although we had a lot of brake, a long fight and bigger fish than it was made for the Black Hole rod worked flawlessly. Tony has done a great job as a rod buider on this one. He’s got his own company called Snatchin Lips where he build rods so if you wanna have a custommade rod I can highly recommend him. If you buy a jiggingrod for really big tuna you should go for a rod rated 400 or 500g to have more liftingpower. We checked the brake after the fish was lost. Carlos tried to drag line off the reel with his hands, but it was so tight he couldn’t even get an inch of line. Although it was a dispointment that we lost the fish it was a great experience to feel the enormous power these fish have. It’s impossible to tell it unless you have experienced it yourself. And I realized that if I shall have a chance to fight a fish like this I definitely need to work out a lot. After the lost fish on chum, we found some boils again. Peter lost a nice fish just 10 meters from the boat, Tony lost three fish and I lost a fish because my line snapped. The cool thing with my lost fish is that after the line broke the popper fell out of the tuna’s mouth and floated in the surface. One of the other boats in our group saw it and I got it back some hours later. Peter suddenly hooked a nice fish. He had brought two popping setups for this trip; one heavy og one lighter. This tuna was fought on the light setup; a Daiwa PE5 rod, Daiwa Catalina reel and 40lb Power Pro braid. After a half a hour fight Tony fought it for five minutes before Peter took the last minutes of the fight. As the tuna came closer and closer to the surface we saw how big it was. Only 40 minutes after the bite a huge 200lb (100kg) tuna was secured by the boatside. They needed three gaffs and two men to drag it in the boat. On such a light equipment it is very impressive to fight it in such a short time. Especially when you consider that Peter took most of the fight of the fish we lost earlier this day. Considering the size of this fish we could only guess how big the one we lost on chum was. It’s no doubt that it must have been massive. After taking some pictures Kevin filet the fish and we got to taste fesh tuna. The rest of the fish was given to the inhabitants in Boca Chica. Most of the tuna we caught was released outside the boat to be as careful as possible with the fish. Some were taken for dinner for us in the evening and some to Boca Chica. A few of those from USA brought home tuna in coolingbags as well. The 200lb tuna made us forget the big one we lost so everyone of us went back to the mothership with a smile that afternoon. The two other boats had caught many tuna this day, but not as big as ours.

Tuesday
Tuesday morning started with a half an hour of inshore fishing targeting cubera snapper and roosterfish. The nature was spectacular, but the fish just didn’t fancy any of our lures. We then headed offshore. After a while a local fishingboat could be seen. A lot of small fish and sometimes even big tuna follow theese boats. With small lures and wobblers we caught plenty of bonito. This is a small species of tuna that is superb as baitfish. And if you use light tackle they fight very well. We also caught some jacks and dorados. Dorado is a cool fish with it’s bright colors and tendency to jump a lot during fight. A school of triggerfish swam by the boat wathing us. When we had caught enought baitfish two heavy rods were rigged with one bonito each and the trolling could start. Fishing for marlin can test your patience and it may be days or even weeks between each bite. After only 40 minutes one of the reels started screaming. Kevin increased the brake and Carlos gave full throttle to set the hook. The reel continued to scream and the rod bent; fish on! Seconds later we saw a huge black marlin jumping several times. Carlos estimated it to 400-500lb and I quickly got the harness on. I felt the weight of the fish and started to pump the fish in. But then the line just snapped. Too bad, but things like this happens sometimes. We found some more boils after lunch and they just increased in numbers and size. From 0:30PM to 5PM we had plenty of boils around the boat. They lasted longer and the fish was not as shy as the previous days. Several times both baitfish and tuna swam just by the boat. I’ll never forget the sight of boiling sea full of baitfish, tuna, dolphins and birds diving in. It is quite an experience to see 40-50kg tuna jumping just by the boat. Most of the tuna we caught was 10-20kg, but some reched 30kg. We caught 30-40 tuna on our boat this day and at some occations we fought three tuna at the same time. Almost all of them were released. When we returned to the mothership that day we drove into a bay where Carlos and Kevin wanted to show us crocodilles. As we slowly approached land we saw four or five crocodilles. Kevin grabbed my most powerful rod with a Heru Skipjack and took a long cast against the beach. The water exploded and the crocodille was on! Except for some headshakes it followed nicely to the boat. It glanced at us for some seconds just by the boat before the hook fell out and it disappeared. The crocodille had probably just bite on the popper and spit it out when it saw us. Anyways it was a great experience to see a wild crocodille – caught on a popper. The popper got several scars with bitemarks and a bit of the cup was bit off. Both of the other boats had great fishing this day and the mood was awesome that evening.

Wednesday
Wednesday morning started with us cathing bonito some bonitos and trolling for marlin. After just 30 minutes we got a bite. The hook was set and a big marlin jumped in the horizon. Since both Peter and Tony had caught marlin before they insisted that I should fight the fish. I strapped the harness on and reeled like crazy to get thight line. I felt the weight of the fish and the job to pump in the fish started. Carlos estimated it to about the same size as the one we lost the previous day (400-500lb). Time passed by and I had fought it for an hour. The fish was still strong and it was a battle between me and the marlin. Because of the breaking strength of the mainline we couldn’t have to much brake power. After one and a half hour of fight with the marlin I was exhausted and Tony started to fight the fish. 25 minutes later one of the straps of the harness snapped off. Peter took the rod and fought it. To fight a big marlin without proper harness is not recommended so after a few minutes we changed again and I fought it. In the meantime while I fought it Peter and Tony tied the harness together and Peter could now fight it in a proper way. With harness back on he was able to put some pressure on it. The marlin had previously had several runs tovards the surface during the fight, but now it came up just by the boat. A huge shadow appeared and seconds later it jumped three times just by the boat. This was not a 400-500lb fish, Carlos estimated the black marlin to be 700lb (300kg). It swam away from the boat and after a couple of minutes the line lost the tension. Peter reeled as fast as he could hoping that the marlin swam towards the boat, but after a short time the hook came up. It had fell out. Two and a half hour after the first scream from the reel the fish was lost and we were of course disappointed. But I think Carlos and Kevin was even more disapponted, they really hoped that we would gett his fish. Anyways it was an awesome experience just to see it and fight the marlin. The rest of the day we chased tuna. This day the boils were not as many and much shorter compared to the day before. About ten tuna in total were caught on the boat so it was still a pretty good day. Peter fought a big one for 20 minutes before he asked me if I could fight it. I felt straight away that this was a big tuna, but gained meter after meter. Not far from the surface it had a final run. With heavy brake I had to really lean on the fish not to be dragged overboard. Suddenly the line went slack and the stickbait came back. The hook had gotten loose from the fish mouth. Nothing to do with this, but it was a bit disappointing since Peter reckoned this one to be bigger than the 100kg tuna he caught some days ago. The mothership had moved closer to the lodge during this day, so we quit fishing a bit earlier.

Thursday
Thursday was the last day of fishing. We saw some boils, but they didn’t last long. Usually the fish was gone before we reached where the boil had been. Carlos took us to a local fishingboat that put out a longline for tuna. There were lots of bonito, but also some really big tuna behind the boat. with The biggest tuna must have been over 50kg. Our strategy was to cast as close as possible behind the boat without casting over the longline. Tony lost a big fish after just seconds because the line broke. Although we had some bites we didn’t get any fish this day. And since we had to go all the way back to the lodge we ended fishing at 3PM. The gear was packed and we got a great dinner that night.

Friday and Saturday
The next day we ate breakfast 5.30AM and were tranported with the minibus to the airport in a city called David. One hour later we landed in Panama City and the group split up. Me and Peter who was flying back to Europe had to wait for seven to eight hours. It always great to be two persons while waiting and after a dinner and some hours talking about fishing we entered our planes. I had two transits in Paris and Amsterdam before I landed at Flesland airport in Bergen Saturday evening at 11PM. Just over 2AM I was home and 37 hours after we left the lodge in Boca Chica I fell asleep straight away. Panama is an amazing destination for sportsfishing. The fishing for yellowfin tuna in May is hard to beat anywhere in the world. With two hookups of marlin in the short time we spent trolling shows that there must be plenty of them at Hannibal Bank. One of the days we saw two marlin being fought on other boats, unfortunately both were lost. One of them was actually on a poppingequipment. If you spend more time inshorefishing, you got a good chance catching cubera snapper, roosterfish and many other species. Thanks to everyone for a great trip! And a a special thank to Seth for arranging the whole trip.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Her er filmen frå turen.

Here is the video from the trip.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Takk for en fantastisk rapport med heftig fisk og særdeles bra bilder! :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå