Gå til innhold
Fiskersiden

Specimen-havmus + Regnbogebonanza


Arne R.S
 Share

Recommended Posts

Kvelden den 29. Desember skulle eg for første gong vera med å satsa seriøst på kystmeite, og det skulle vise seg å verta litt av ein pangstart på min kystmeitekarriere. Eg hadde med meg bror min som guide, og me kjørte ut til Salhus. Etter ein halvtime med fiske vart det liv i shimanosnella. Trudde først det var ei lita lange som hadde teke makrellbiten, men då me skimta fisken i djupet viste deg seg å vera ein ny art!

301220081834np9pNt94d2wiADwIxG.JPG?24

Mi første havmus!! :P Den var 2,02kg.

3012200818333e9XDLpx6IEC5CWfzE.JPG?48

Havmusa vart fotografert før ho fekk koma tilbake i sitt rette element.

301220081921xrS5QNhGPLDkAgvqmj.JPG?76

Havmusa sig sakte ned i djupet. Ein utruleg fasinerande skapning!

301220081804pvgjzwtF8EmBJrrTGy.JPG?12

Eg fekk også ei lita ulke.

Dagen etter var fiskesuget like stort, og me bestemte oss for fiska i fjorden heime ved Vaksdal. Her har det i seinare tid vore mykje regnbogeaure, og det skulle visa seg at den også var på hugget. Ingen store fiskar vart teke, men godt å få slikt opp av fjorden!!!

301220081838kt3u2a5pVvO2vnIBp8.JPG?44

301220081837TjmWELNe3tlwkdm3Qu.JPG?60

Fiskane tok på ei 22g møresild.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pangstart så det holder ja! Ikke bare stor havmus, men også en av de flotteste jeg kan huske å ha sett. Hvis du vet hvor mange målretta timer Vilhelm og Irvin la ned før de fikk sin første havmus så tipper jeg du er bra fornøyd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gratulasjonar! Moro å prøva eit litt anna fiske enn kva eg er vane med! :) Så vert garantert fleire turar på kystmeite! :)

Var ute ein rask tur ette regnbogeauren idag, me fekk 9 stykk på halvannan times fiske! Skremmande kor mange fiskar som har rømd frå anlegga ute i fjorden, og det som er endå meir skremmande er kor mykje lus ein finn på fisken! Tidlegare år har eg ikkje registrert særlege mengder med lus på regnbogeauren, men no ser det ut til at lusa er på full veg lengre inn i fjordsystemet!

Lusemengda er svært alarmerande for sjøaurebestandane og den utvandrande smolten frå elvar som Daleelva, Vosso og Ekso. Her må noko gjerast og det fort!!!!!

311220081544zgji5sBqqgxIMFNKhy.JPG?21

Dei største var opp mot 2,5kg.

311220081540kqzppdGC938vAZEnD8.JPG?41

Det var mykje lus på nokre av regnbogeaurane. Lus i alle utviklingsstadier.

311220081542FRkaFsqk64lbrbDAc4.JPG?26

Lakselus med eggtrådar.

311220081543nAgZ3OyA6F1Q2YjiJJ.JPG?65

Kjekt med Nikon D300, macro, stativ og skikkeleg blitz! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.