Gå til innhold
Fiskersiden

Har flytta til Trondheim - Søkjer nye artar! - og guide! :)


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Som overskrifta seier; eg blir snart ein slags trønder! Skal flytte til Nidaros i august for å byrja eit 3-4 årig prosjekt som i hovudsak går ut på å sprade rundt og teste ut byens pubutvalg og smake på kva dei har å tilby, samt litt skulegong når det passar seg slik.

I den anledning har eg tenkt å drasse med meg moderate til store mengder fiskeutstyr (samt ein kasse dvd'ar og eit sengetrekk), og tenkte dette kunne være ei fin anledning for å spe på artslista med ny eksotiske artar! For Trøndelag er vel å regne som eksotisk?

Den som vil tipse meg om BANKERS tips til nye artar får no anledninga til å gjere det her i denne tråden! :jig:

Eg er for tida innehavar av moderat til middels tungt spinn-utstyr, havfiskeutstyr, full-blown mikromeite rigg, surf/kystmeite utstyr og til og med noke isfiske-rask eg kjøpte i hallsvime i fjor. Båt har eg ikkje, så om du tipsar meg om artar som krever at eg ligg midtfjords.. ja, då er du sjølv ansvarleg for å skysse meg dit og tilbake etter endt fangst. Bil har eg kanskje. Og om eg har, så startar den kanskje, men eg køyrer ikkje i sludd, grunna manglande viskarmotor.

Her følgjer lista, som dykk ser er det rimeleg tynt i ferskvass-segmentet, så det kan være ein tanke å begynne der? Fyr laus! :jump:

Saltvatn:

1. Berggylt......................750,0 gram

2. Bergkutling.....................1,2 gram

3. Bergnebb......................62,4 gram

4. Blåstål / Raudnebb......500,0 gram

5. Brosme.....................5000,0 gram

6. Dvergulke.....................33,9 gram

7. Gressgylt......................56,2 gram

8. Grøngylt.......................94,2 gram

9. Gråsteinbit..................750,0 gram

10. Horngjel.....................440,0 gram

11. Hornkvabbe..................33,4 gram

12. Hvitting.......................750,0 gram

13. Hyse.........................2300,0 gram

14. Hågjel........................600,0 gram

15. Knurr..........................400,0 gram

16. Kveite.......................1800,0 gram

17. Lange......................20070,0 gram

18. Leirkutling.......................1,2 gram

19. Lusuer

20. Lyr............................4250,0 gram

21. Lysing.......................1980,0 gram

22. Makrell......................1075,0 gram

23. Piggskate...................7250,0 gram

24. Raudspette................1700,0 gram

25. Sandflyndre.................600,0 gram

26. Sandkutling.....................2,9 gram

27. Sei............................4000,0 gram

28. Sild.............................260,0 gram

29. Skrubbe

30. Slimål

31. Småsil

32. Svartkutling..................34,41 gram

33. Svarthå.....................100,0 gram

34. Sypike........................128,1 gram

35. Taggmakrell.................300,0 gram

36. Tangkutling......................1,9 gram

37. Tangkvabbe

38. Tangsprell

39. Tangstikling...................4,1 gram

40. Torsk.........................3800,0 gram

41. Trepigga Stingsild..........7,56 gram

42. Uer..............................350,0 gram

43. Vanleg Fløyfisk

44. Vanleg Ulke..................400,0 gram

Ferskvatn:

45. Aure

46. Gjedde..........................340,0 gram

47. Karuss...........................18,8 gram Fyrste trønderart i boks! :)

48. Mort...............................26,3 gram Andre trønderart i boks! :)

49. Ål..................................500,0 gram

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 136
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Velkommen til Trøndelagen!

Første eg la merke til var et tynt innslag av slimål på listå di^^

I ferskvann e mort bankers i bymarka (kyvatnet,lianvatnet og haukvatnet), karuss (munkauntjønna,) lake (øvre del av Nidelva), røye (benna og Jonsvatnet) og sko du finne på å fiske laks, så ska d ver ei ok elv eller 10 i hooden. Vil du fikse på gjeddepersen så har du gode muligheter til bra fisk i Jonsvatnet.

"Båtarter" hoppe me glatt over, siden du e føkked på den fronten.

Kystmeite e d flere kjente beskrevne plasser nært byen:

http://www.fiskersid...=1

Paddetorsk(trolla), havmus(storsand), kloskate(storsand)

Ellers så har du "Lygnin-isen" på vinteren hvor du kan ver heldig å treffe på spisskate, samt strømssild og øyepål.

Endret av MrVolcom
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I ferskvann kan du iallefall krysse av mort i Haukvatnet og Lianvatnet, karuss i Munkauntjønna, røye i Benna og lake i Nidelva.

Notert. :) Har alltid sett føre meg at lake var ein mystisk og slu fisk det tok årevis å lære kunsten å overliste, men eg tar kanskje feil?

Velkommen til Trøndelagen!

Første eg la merke til var et tynt innslag av slimål på listå di^^

I ferskvann e mort bankers i bymarka (kyvatnet,lianvatnet og haukvatnet), karuss (munkauntjønna,) lake (øvre del av Nidelva), røye (benna og Jonsvatnet) og sko du finne på å fiske laks, så ska d ver ei ok elv eller 10 i hooden. Vil du fikse på gjeddepersen så har du gode muligheter til bra fisk i Jonsvatnet.

"Båtarter" hoppe me glatt over, siden du e føkked på den fronten.

Kystmeite e d flere kjente beskrevne plasser nært byen:

http://www.fiskersid...=1

Paddetorsk(trolla), havmus(storsand), kloskate(storsand)

Ellers så har du "Lygnin-isen" på vinteren hvor du kan ver heldig å treffe på spisskate, samt strømssild og øyepål.

Ja, trur vi avventar med "båtarter" i fyrste omgong. Kystmeiteutstyret blir vel ikkje det fyrste eg dreg opp det heller (mest pga. mangel på lagringsplass), men den tråden var jo reine gullgruva!

Eg kjem frå eit område der ferskvassfiske i 99,5% av tilfella er snakk om småaure, så skal bli mildt sagt forfriskande å prøve seg på nye ferskvassartar. No er det alikavel slik at ferskvassfisk AVSKYR meg, og eg har satsingar etter både abbor, harr, mort og røye (fleire) bak meg utan hell. Formelen ser ut til å være at desto meir planlegging og forarbeid, desto mindre sannsyn for fangst. Den gjedda eg har fått var eit lykketreff. I fyrste omgong stod 3 mann utan resultat etter ein heil dags intens fiske i den einaste pytten med gjedde i heile Møre og Romsdal (etter det eg har blitt fortalt). Året etterpå returnerte vi, og min vesle fisk var då einaste fangst på ein heil dag. Etter kraftig fresing i steikepanna smakte ein plass mellom vatn og ingenting. Men art er art, uansett størrelse eller smak...

Takk til begge for tips. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er forøvrig i samme båt,

Er i samme båt som Martins

Dykk er i same båt? Plass til ein til?

Men frå grøne bananar til grøne slips; Eit treff er sikkert ikkje aldeles feil. Spørsmålet er om eg finn ei god ordning til oppbevaring av alt utstyret, som både tek mykje plass og til dels er det dei innfødte vil kalle moderat til kraftig illeluktande.

Beste løysinga eg kjem på i farta er å fylle opp bilen, og når nokon tek til vet og avskiltar den på staden, kan eg bruke han som reiskapsbod.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jaja, vi får ta et laksetreff med de nye innflytterne...

Laks hadde våre midt i blinken! Men det held med éin, for å få den på lista. deretter er det rett over på tull- og tøyseartar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pluss i tapeten og kryss bak øret!

Enn om eg blir hekta då? :o

Eg har høyrt det skal være farleg vanedannandes, og at abstinenssymptoma er ein slags feber. Min fetter Thomas fekk ein laks på 14,5kg på ein slump i Strynsvatnet no i helga, og har allereie bestemt seg for å bli lakselord på livstid trur eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis det er plass til flere i båten, så blir jeg gjerne med på fisketreff jeg også! :)

Er ikke nyinnflyttet til Trondheim, men har først nå børstet støvet av fiskeutstyret og begynt å teste ut noen av vannene i området.

Foreløpig tror jeg ikke jeg kan komme med noen gode forslag til deg, men på tofa.no finnes det i hvertfall god beskrivelse av de fleste vann og hva man kan forvente å få der. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...

Då har eg fått både meg sjølv og alt fiskeutstyret til Trondheim! :) Vart smått gal i pakkeaugneblinken og pakka med havfiskeutstyret også. Ikkje store sannsynet for at eg brukar det mykje, men eg tenkte som so, at det vert ikkje brukt i ei bod på Sunnmøre heller. Det vil då seie at eg er i Nidaros, fullt bevepna til tennene med alt frå mikromeiteutstyr til spinnutstyr av ymse kaliber, kystmeiteutstyr, havfiskeutstyr og isfiskeutstyr. Av erfaring veit eg at eg som regel feilar når eg forsøker meg på nye artar/plassar/metoder på eiga hand, samme kor mykje forhåndsinformasjon eg har fått, og samme kor "bankers" det skulle være.

Så spørsmålet blir då; Vil nokon guide meg? :thumbsu:

Målet er enkelt: Ny(e) art(ar). Artslista er linka til i signaturen min, og eg er open for det meste. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjølsagt! Men først stikker NKML med venner på en ukes kveitefiske i Troms, men etter det stiller vi opp som guide med champagne og rekespray! Veg og Sigve får ta ansvar i mellomtida!

Hoho, kos dykk i Troms! Kveite har eg på lista frå før (eit prakteksemplar utan sidestykke, og av svimlande størrelse). Skal nok klare å halde meg underholdt i mellomtida. To veker med fadder-quak-øltelt-konsert-stand-up-ditt-datt-and god knows what burde knuse psyken nok til at det skulle passe perfekt med litt terapi i form av blanking etter nye artar når eg er på vei til hengslene igjen. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg og Veg var på Trolla idag og fikk opp endel arter. Men ser ut som at du har alle de. Men hvis du uansett er intrisert i litt guiding av fiskeplasser, kan du bare joine. Blir vell Trolla og litt Storsand på oss i resten av uka vil jeg anta. Kan komme tilbake med meld her når vi har avtalt kor vi stikker.

Igjen, lykke til i Troms NKML! Flekk opp kveit i fleng..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg og Veg var på Trolla idag og fikk opp endel arter. Men ser ut som at du har alle de. Men hvis du uansett er intrisert i litt guiding av fiskeplasser, kan du bare joine. Blir vell Trolla og litt Storsand på oss i resten av uka vil jeg anta. Kan komme tilbake med meld her når vi har avtalt kor vi stikker.

Takk for det! :)

Eg skal prøve å sjekke tråden litt kvar dag, og sjå kva eg får skvisa inn. Trur eg må ta med min kamerat Frank som navigatør (han har iPhone med GPS) :geek:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.