Dr. Hook Skrevet April 9, 2014 Rapporter Share Skrevet April 9, 2014 (endret) (Trykk på bileta for å forstørre) Det hende i dei dagar Jern-Erna regjerte i Noreg - at svensken, trønderen og sunnmøringen skulle på havfiske-cruise på ein ny og ufiska plass i Trondheimsfjorden. Svensken hadde kika i sjøkarta, og hadde funne eit spanande område: "Här är ëtt lita hòl i bottenlaget, och så e der et djüpklack som smyger över i en kant, og med dom strömningarna som knyver rundt den knäckiga djupflacken der, hvem ***** vet hva som kann simma runnt der nere? Stor lubb, spisskate, skodläst.. hvad ***** som helst." - Adam Andrén (fritt etter vagt minne, med mulige oppdikta svenske ord) Dagen før hadde trønderen og sunnmøringen hatt ein fin, men ufruktbar tur på sjøen, der dei fekk erfare at målretta skolestfiske ikkje nødvendigvis fungerer på Calle-vis kvar gong ein prøver... Triplè med anti-skolest. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Men med ny plass og ein svensk stuert ombord, var trua sjølvsagt på topp. I ein god time før avgong fekk vi også testa ut kahyttlokalet på Carls Love Boat, og den bestod smultringtesten, partytesten og svensketesten. Kahyttkos med chips & blikk. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Vi var vel oppankra omtrent i 15-tida, Captain Carls skuddsikre anleggsradio dura den eine helga-hit'en etter den andre, og skipet fyltes med latter og gledje. Gleden vart av og til avbrutt av hågjel og svarthå, men red bull, flæskesvor og gårsdags-pizza sørga for at stemninga forblei god. Eg hadde sjølv som einaste mål å få ny brosmepers (som då var på 6,9kg.), og satsa på slep med halv makrell. I tillegg kombinerte eg som dagen før, med eit heimesnekra skolestopplegg, 4-krokshekle på ca. 10 meter. Å kalle det skolestopplegg er vel litt tynt, i og med at eg aldri har fått skolest. Svarthå/hågjelopplegg er nok meir treffande. Adam var etter siste tids fiske, kanskje ikkje den som hadde for store forhåpningar om brosmepers, men som han har sagt det sjølv: "I don't always fish for brosme, but when I do, it's tiiie pluss! Mjæææda.." Han er etterkvart så tilvendt slik fisk, at han venta med bilete til han var inne på land. Han fekk også ei på 8,5 kg., men denne var vist ikkje interessant nok til å avbilde i det heile tatt. 11,5 kg lubb på lubbkungen. Lever kan observerast flytande i bakgrunnen. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Adams andre klubbrekord på brosme i år. 11+ is the new 10+. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Rogna vart anslått til 1,5 kg. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Etter ei lange i 5-kilosklassen og ørten hå, sat eg sippa på ei Carlsberg og tygde på eit seigt dagsgammalt pizzastykke. Lodd, bom og slep hang og dingla frå botnen og opp/ned ein meter, i takt med bølgjene. Brått vart stonga nesten rive ut av fanget mitt, og det aggressive angrepet fekk oss til å gjette på sint lange. jamn vekt og enkelte bestemte rykk og utras fekk trua opp på at dette kanskje var fin fisk. Kanskje brosmepers? Fortommen kom opp, og det latterleg lange tackelet kom til syne. Fyrst kom ein svarthå, og deretter 3 tome krok. Det var fortsatt ingen lys og sprengt buk å sjå under båten, så det måtte jo berre bli... SPETZNAZ! Mi andre spisskate i år (og i livet), 4800 gram. Ikkje pers, men båtrekord. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Eit veldig mørkt og vakkert eksemplar av arten. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Hæppi boi. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Som ein fattig student har eg satt visse kriterier som må innfris for at eg skal ta meg råd til å ta meg ein skvett 12 år gammal single malt som eg har ståande. Eg får kun drikke om eg får ny pers, ny art, eller poengfisk. Ein bra-fisk-whisky. Dette var ein bra fisk, og no kunne brosmepers være brosmepers. Spissniss is my business lizz'um. Brosmepers vart det likevel, med ei økning på 200 gram. Den årvakne lesar har kanskje då fått med seg at eg hadde gjort meg fortent til ikkje mindre enn to bra-fisk-whisky. Ny brosmepers på mørefaen, 7100 gram. (Foto: Carl Oscar Raphaug) Calle fiska utelukkande etter skolest, fekk dermed ingenting anna enn hå, og er difor ikkje avbilda hittil, eg synest likevel at skepparen fortener å bli med, så eg tillèt meg til å avslutte med eit snikbilete eg tok når han ber høgare makter om bistand. (Foto: Sindre Bøe) Etter å ha trykt i oss Carl Adams potetsalat-og-skinke-polar/smørbrød i 7-8-tida på kvelden, kom 2 svarthå og 2 hågjel og laga tidenes hai-orgie-tacklefloke på mitt og käpitanens hekletre. Vi tok det då som eit teikn frå styresmaktene, og kappa alt i småbitar og ga oss for dagen. Vèl heime vart det både bra-fisk-whisky og noko attåt, nærmare bestemt omelett. Stor takk til Carl og Carl for turen, kosen, fisken, maten og praten! Carls Love Boat leverer varene! Opprinneleg posta på http://nidarosiensis.blogspot.no/2014/04/the-complete-love-boat-experience.html Endret April 17, 2014 av Dr. Hook 1 Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Stian N E Skrevet April 9, 2014 Rapporter Share Skrevet April 9, 2014 Hehe, fantastisk rapport! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Maritim Skrevet April 9, 2014 Rapporter Share Skrevet April 9, 2014 Så ut som en trivelig tur! Grattis med tøff zpetznaas, pers'er, og god persedramm Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
havtryta Skrevet April 10, 2014 Rapporter Share Skrevet April 10, 2014 Fabelaktig. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet April 10, 2014 Forfatter Rapporter Share Skrevet April 10, 2014 Takk for skryt! Ser òg at ingen har korrigert den heimelaga svenskgramatikken min, så reknar med den er spot on. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
stranger79 Skrevet April 10, 2014 Rapporter Share Skrevet April 10, 2014 Storveis lesning! Og flotte fisker. Kjenner ett snev småmissunnelse over flatingen med nesegrevet...stått på ønskelisten i 6 år på rad....men ÅNEIDA! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
obbien Skrevet April 16, 2014 Rapporter Share Skrevet April 16, 2014 Du (og et par andre i gjengen) er i en egen klasse hva gjelder kreativitet og diktning. Jeg kommer ikke i nærheten med mine rapporter. Grattis med det, og med kule fangster Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet April 17, 2014 Forfatter Rapporter Share Skrevet April 17, 2014 Ikkje la deg lure av nynorsken. Den legg eit folkeleg slør av utkantvisdom over heile innlegget, og får alt slags rask til å høyrast vent og fagert ut. 1 Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.