Gå til innhold
Fiskersiden

Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

(NB: Klikk på bileta for å forstørre)

IMAG0677.jpg

Sumaren heime på Sunnmøre har vore strålande fin, sann reint værmessig. Men sidan det har vore like flott i resten av landet, er været åleine slett ikkje noko å skrive ein langdryg rapport om. Noko eg derimot kunne ha skrive ein langdryg rapport om, var om eg hadde hatt eit formidabelt fiske på Sunnmøre denne sumaren.

Det har eg ikkje.

Om eg hadde hatt det, ville dette ha gjenspegla seg i form av fleire rapportar om alle storfangstane, alle dei nye artane, alle dei vellukka satsingane, og alle dei nye rekordane. I staden får dykk dette her, ein slags oppsamlingsrapport, eller "best of the worst", om du vil. For det har ikkje blitt dei heilt formidable resultata som eg fantaserte om før ferien tok til, og eg fekk aldri ein god nok tur til at eg fann den rapportverdig i seg sjølv. Men, sann i ettertid, når eg ser over loggboka, har eg sett at det er nokre små lysglimt der innimellom alle dei resultatlause timane, og om ein plukkar litt her og litt der, så må eg vel klare å klure ut ei god historie eller to.

Det heile starta med eit par resultatlause bryggeturar i nærområdet, før eg fekk lurt min gode kamerat og slektning, Ørjan, med meg ut. Det har ofte vist seg å være eit sjakktrekk å lure med Ørjan på tur, for då får eg ofte bra fisk, medan han får ingenting. Det vart ikkje heilt slik denne gongen. Ørjan fekk ingenting, men eg fekk stort sett småhvitting. Men det er vel slik som skjer når ein prøvar nye plassar med sabiki-hekle. Det som gjorde dagen lysare var ny pers på hyse (også på sabiki, type litt-for-små-krok).

IMAG0469.jpg

Hyse, 4900 gram. Ny pers og klubbrekord. (Foto: Ørjan Gjelseth)

Etter denne fangsten kjem ei dårleg periode, der fjorden var meir eller mindre daud. Ein av turane involverte 4 mann, som fiska i 5 timar med fleire typar agn, fleire størrelsar av agn, djupt, grunnt, pelagisk, langs botnen, ja til og med PILK vart nytta, og resultatet som kom opp på siste oppsveiv var ei tremanns-vase, med ein 100 grams hvitting på slep. Etter dette mista eg rett og slett piffen, og drog til Amerika.

Etter eg kom heim, prøvde eg etter lyr, utan hell. Deretter fekk eg båten på vatnet, og satsa knallhardt etter lysing. Eit av måla mine for sumaren var jo nettopp pers på lysing, og med fjorårets gode fiskeri friskt i minnet, hadde eg trua. Det skulle eg ikkje ha hatt, for det vart fullstendig bomtur, og eg mista rett og slett piffen. Igjen. Ein tur med båt i den spanande Austefjorden nokre dagar seinare resulterte i babybrosme, sypike, lusuerbonanza og som toppen av lortekringla; ein hågjel. Ein kveldstur til min gamle godplass Herøyterminalen gav ein makrell og ein rykt bergnebb. Rett og slett dårlege tider.

Den 16. juli skulle det derimot dukke opp eit lysglimt, då eg endeleg fekk årets fyrste lysing når eg var ute med min onkel Dagfinn. Det blei også ein grei hvitting, og Dagfinn slo til med lysing han også, nett som eg hadde "lova" på førehand.

IMAG0615.jpg

"Berre" 4700 gram, men eit etterlengta lysglimt etter over ein og ein halv månad med dritfisk. (Foto: Dagfinn Bøe)

IMAG0618.jpg

Hvitting, 1260 gram, som tok på halv makrell... (Foto: Dagfinn Bøe)

IMAG0619.jpg

Dagfinn med lysing på ca. 4kg+ (Foto: Sindre Bøe)

I fyr og flamme over at lysingen endeleg såg ut til å være på plass, klarte eg på mirakuløst vis å overtale min betre halvdel Vilde til å bli med på fisketur neste gong. Eg skulle ordne alt av utstyr/agning osv. , og om ho vart lei kunne ho alltids sette seg i baugen og lese bok i sol og 30 grader. Joda, ho kunne gå med på den. Ho rekna ut at det var om lag 12 år sidan sist ho tok i ei fiskestong, og eg trur ikkje ho hadde heilt trua på å få noko som helst. Ho pakka uansett med seg Farris, solkrem og banan og vi la i veg.

IMAG0625.jpg

(Foto: Sindre Bøe)

Vi la oss til der eg fekk bra med lysing i fjor, og drifta var heilt perfekt for å passere over heile "hot-spot"-området. Etter ei kort innføring i korleis ei multiplikatorsnelle fungerar, og med nokre instruksar i kva ho skal gjere om det nappar, slapp vi ut og fann roa mens sola steikte.

Ho spør: "Ka vi gjer no då?"

Eg svarar: "Vi venta bære, og ser om det nappa."

Etter nokre få minutt spør ho: "Kjeme ej til å merke om det nappa?"

Eg svarar at "Det merka du nok..."

Få minutt seinare slår stanga hennar i båtripa og snøret fyk av spolen!

IMAG0629.jpg

(Foto: Sindre Bøe)

Ho: "Ka so skjeeeer??!"

Eg: "Du he en jævlige fisk! Rykk til!"

Og vist var det fisk! Etter eit slikt utras kunne det etter min logikk være anten verdensrekord på lysing, eller kveite. Og etter mykje skrik, skrål, sveiving og svette, kunne eg sette kleppen i denne:

IMAG0630.jpg

Fyrste fisk på 12 år - 10,2 kg kveite! (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0632.jpg

(Foto: Sindre Bøe)

Har eg fiska i time etter time etter time her før? - Ja.

Har eg fått kveite her? - Nei.

Har eg fått kveite i det heile tatt dei siste ti åra? - Nei.

Er kveitepersen min større enn to kilo? - Nei.

Ein skulle tru eg vart sjukeleg sjalu, men eg vart faktisk berre glad! Eller, eg var jo sjølvsagt 10% sjalu, men 90% glad på andre sine vegne, det er bra for ein sunnmøring. At dette er den fyrste fisken ho får på 12 år, og det etter 5 minutts fiske er jo berre rått!

Ho gav seg ikkje med dette, og slo like gjerne til med lysing i grei size like etter.

IMAG0635.jpg

Lysing, 4300 gram. (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0637.jpg

Bok til dessert. (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0634.jpg

Min største på turen, 4600 gram. (Foto: Sindre Bøe)

Eg sjølv fekk fire lysingar på denne turen på knappe to timar, den største på 4,6kg. Fortsatt ikkje heilt den størrelsen eg håpte på, men arten var i alle fall på plass, for både Frank og Asgeir hadde fleire vellukka lysingturar med tosifra antal fisk i dagane før og etter.

Det neste, meir eller mindre ambisiøse prosjektet som stod for tur, var havål. Eg har i årevis vist om ein plass som eg pga. lokale vandrehistorier, åtvaringar og teinefangstar, veit husar rimelg stabile mengder av arten. Problemet er berre at eg ikkje har hatt båt, for det er ikkje akkurat framkomeleg terreng det er snakk om. Eller, det er vel ikkje umogleg å fiske frå land, men eg er vel til sjuande og sist litt for lat til å drasse surf-utstyr gjennom ein kilometer med utmark, og oppankring med båt er difor den foretrukne løysinga.

Kalland hadde jobba på lakseslakteri eit heilt år og spart seg opp til flunkande ny båt, og han hadde att på til spandert på seg ein dregg. Han var som vanleg ikkje vond å be, og vi putra oss ut i kveldsmørket med ei kasse godt modna makrell frå ca. 2010. No er jo ikkje juli akkurat høgsesong for havålfiske, men så er ikkje eg i området når det faktisk er sesong, og ein får som kjent ikkje fisk frå sofaen heller. Fulle av tru, håp, haill og pågangsmot, ankra vi opp og slapp rett ned. Vi hadde nesten ikkje trengt å ankre opp, då det var vindstyrke null, og stillheita vart berre brutt av enkelte flaggermus, og nokre fulle ungdomar som campa på ein nærliggande holme.

IMAG0647.jpg

Superchips i solnedgong. (Foto: Sindre Bøe)

Sånn reint havålmessig såg det etter nokre timar ut til at dette skulle ende nok ein fadése, men litt action vart det likevel. Litt etter kl. 02:15 var det eit run på stanga til Kalland som ikkje virka heilt "krabbete". Eit stødig, og bestemt run som tikka avgarde ut frå båten, nett som vi har lest om på verdsveven!

"Hellvette, det e sikkert ål, ka ***** ej gjær no?! Æææ!..."

"Vettafaen ej! Ej he aldri fått ål! Gi tilslag då?!"

Tilslag blir gitt, fisken var fast, og trua var vel sterkare enn aldri før! Tunge "rull" og seige drag skulle jo være signaturen til havål, og vi fekk hjartet i halsen når fisken klarte å vime seg inn i dreggtauet... Kalland skrudde hovudlykta på styrke grill, og vi kunne då sjå kva vi hadde med å gjære. Det var ikkje havål, men den ikkje heilt uvanlege arten "havål". I motsetning til havål, som er ein lang og tynn ål, kan "havål" innta fleire former. Nokre gonger har den sjegg, men dette eksemplaret hadde vengjer.

DSCN8976%2B%E2%80%93%2BKopi.JPG

"Havål" på 4220 gram. (Foto: Sindre Bøe)

Ordet antiklimaks passar godt her. Piggskater på 4+ er jo vanlegvis stas det, men ikkje denne natta. Det er jo meget variert botn her, frå steinur og fjell til sandflekkar og tareskog, så det skulle vel kunne dukke opp litt av kvart, og då gjorde det nettopp det.

Når klokka nærma seg 04:00 byrja vi å pakke ihop, og eg merka at eg fekk eit lite utras sjølv. Eg gir den nokre sekund, men når eg strammar opp blir det berre slakt, og eg må sveive ein del meter før eg kjenner at det er vekt i enden. Opp kjem denne:

DSCN9018%2B%E2%80%93%2BKopi.JPG

Når eg endeleg får mi fyrste kveite på 10 år, er den tygd på? (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

DSCN9027.JPG

Blodet rann endå frå såret, så det var sikkert rimeleg ferskt. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

Kva som har vore årsaka til at den har mista sporden kan ein gjerne spekulere i, og det kan vel i teorien være alt i frå nise til steinras. Sjølv held eg ein knapp på større kveite, eller ein slu hummar. Men, som sagt, vill spekulans.

Det vart ikkje meir denne natta, og eg fekk ikkje meir fisk som er verdt å nevne denne sumaren. Før eg skreiv denne rapporten meinte Bjørn at eg burde jazze den opp med eit halvnaken-Sindre-på-moped-bilete for å tilfredstille massene, men eg fann ut at dette ville være å spele billeg på sex. Dykk fortener beire. I staden har eg difor valt ut eit anna og langt mindre seksualisert bilete, nemleg Frank sin nye makrellpers.

IMAG0679.jpg

(Foto: Sindre Bøe)

Takk for denne gong!



(Denne rapporten vart opprinneleg posta på NKML.no)

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott rapport! Og for min del kan du gjerne hive ut bilde av mopeden. Halvnaken Sindre derimot har jeg ikke det helt store behovet for..

Moped skal bli.

Eg eig ikkje slikt sjølv, men dette er ein 1958 Raufoss 114 som eg fann på interenett.

i331380.jpg

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.