Gå til innhold
Fiskersiden

Asgeir på fisketur 2010. Grønngyltpers


Arachnida
 Share

Recommended Posts

Etter ei lita veke i Bergen, med iherdig shopping på Campelen (takk for utmerket service!), var eg igjen på plass på terminalen. Såg fram imot å få testa nye surfutstyret. Ei Shimano Aerlex XS 8000 på ei DAM Super Natural Light Surf 180 virkar å være ein god kombinasjon. Allereide i første kastet la eg på 10 meter på mi "vanlige" kastelengde. Etter kvart gikk det enda bedre og lenger, så eg er meget godt fornøgd med Hunter sine råd og tips om utstyrsvalg!

Målet var skate, som vanlig, og terminalen leverte igjen. Desverre fekk eg berre små torsk på det nye utstyret, men det må vel "innfiskast" før godsakene bit på. Skatene kom på den gamle Shakespeare Excursion stanga. Fekk to piggskater i dag og begge kom i løpet av første timen. Den første leverte eit uvanlig svakt utras, noko som gjorde at eg mistenkte småtorsk før eg kjende tyngda. Blytungt! Det tok laaaaang tid før eg klarte å få den inn til kaia og nesten like lenge før eg klarte å spasere den rundt slik at eg fekk den på land.(Gler meg til hoven kjem i posten!)

Vel på land såg eg at dette måtte være pers. Den såg ca like lang ut som dei eg har fått på 6-6,5 kg, men denne var tjukkare i kroppen. Lengda var 104 cm, breidda 78 cm. Vekta stabiliserte seg på heile 8770 gram! :) Eit skikkelig beist! Dessverre sat kroken heilt ned i magen. Prøvde så godt eg kunne å få lirke kroken pent ut, men det var svært vanskeleg og tok lang tid. Gynga fisken fram og tilbake i sjøen i nær eit kvarter utan livsteikn. For å unngå noko meir pining for skata valgte eg å avlive den. Svært synd at det vart slik med ein så fantastisk flott fisk.

106311_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42827/106311.jpg

106313_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42827/106313.jpg

Agna opp på nytt og etter eit kvarter kom neste piggskate. Eit mykje hissigare utras frå ein mykje mindre fisk. Denne var heldigvis pent kroka og veldig ivrig etter å kome seg avgårde under sjøsettinga. Heldigvis hadde eg hanskar på, visst ikkje hadde eg nok fått nokre stygge merker. Den piska vilt rundt seg med halen i det eg slapp vingane. Dette var den minste piggskata eg har fått, 70 cm lang, 47 cm breid og 2100 gram. Fantastiske teikningar på ein vakker fisk!

106314_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42827/106314.jpg

106315_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42827/106315.jpg

I morgon er meldingane bra, så da tek eg nok turen på sjøen. Skal bli vanskeleg å få fisk som slår den store piggskata, men den som ikkje prøvar, ingenting får

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 152
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Gratulerer med diger skate :)

Tegningene på den var også veldig flotte, synes jeg.

Trist at det gikk galt med den, men sånn skjer oss alle innimellom. Noen ganger sitter fisk stygt og sånn er det.

Har hørt at skatevinger skal være veldig godt, har du tenkt å teste det?

Hvis du klarer å fortsette å fiske skate nå er jeg utrolig imponert!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med diger skate :)

Tegningene på den var også veldig flotte, synes jeg.

Trist at det gikk galt med den, men sånn skjer oss alle innimellom. Noen ganger sitter fisk stygt og sånn er det.

Har hørt at skatevinger skal være veldig godt, har du tenkt å teste det?

Hvis du klarer å fortsette å fiske skate nå er jeg utrolig imponert!!

Skatevinger har eg smakt og det er veldig godt. Einaste problemet er at området der dei fins er veldig forurensa. Der pågår blant anna notimpregnering med kobberdioksid(trur eg). Skal sjølvsagt være eit lukka system, men det er det ikkje.

Skate kjem eg fortsatt til å bruke mykje tid på. Før eller seinare må den magiske 10 kgs grensa sprengast. Er meininga at kaia der skal gjerdast inne, så eg satsar på å få inn so mange timar som mulig før det skjer

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Synd skata daua, men sånt skjer å du gjorde ditt beste B)

Mange hadde ikke nevnt dette heller så all respekt til deg for din ærlighet.

Grattis med stooor skate.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Korsen landa du skata? Tar du ho i vingane og bære ne på land?

Kjenne eg blir litt skeptisk om eg får på ei slik :P

Grattis med grom fangst og synd ho døde..

Eg tar eit godt tak i vingane. Pga piggane i skinnet får eg godt grep. Det blir ein del opprispa hud på fingrane, men det får ein tole. Er i grunnen værst med dei små. Dei har ein tendens til å flakse noko voldsomt med vingane. Har bestilt hov, slik at eg slepp å gå tur med skata. Vil gjere det heile mykje enklare.

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blir litt "skvetten" når fisken spreller og eg skal ta tak :)

Men da for en forsøke om dei skulle bite på, for ha eit par hanska klar så ikkje skule fingrane blir skada :thumbsup:

Visst du ikkje har, så kan eg anbefale ei kroktang til å løyse kroken med. Du bør ikkje få fingrane inni kjeften på ei piggskate. Då blir dei flate...

Ein kollega av meg fikk 4 stk i dag på terminalen. Tydeleg at dei er skikkelig i siget.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis med svær piggskate.

Må ha vore litt ein av kamp. Håpar på ei slik ei i framtida ein gong...

Den ga ein mykje større kamp enn dei eg har fått før. Kan sjølvsagt ha vore pga den stygge krokinga. Den ville ikkje opp til overflata. Var veldig vanskelig å vurdere kor mykje press eg skulle legge på den, med tanke på stang og snøre. Ei shakespeare excursion 20-80 med 0,45 mono gjer at eg ikkje kan pushe max, men den kom opp til slutt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sende i dag vevsprøva av albinopiggskata til det høge nord. Tok så turen på terminalen igjen, og gjett kven som var der? Jau etter eit kvarter drog det forsiktig i Super Natural stanga(nytt skateutsyr, Vilhelm :rolleyes: ). Sveiva fisken fast og det var bra tyngde. Etter ei stund skulle det vise seg at piggskata kom med halen først. Den var riktig kroka, men hadde rota halen inni sjokkfortommen min. Med litt hjelp frå nokre litauarar, gjekk landinga fint. Ein av litauarana kjende til og med igjen skata: "Second time, yes?" Yes det var det. Albinoen var tilbake. 3510 gram, 83 lang og 57 cm brei. Den var svært ivrig etter å få vatn under vingane igjen og svømte avgårde med kraftige tak! Eit flott syn!!

106435_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42879/106435.jpg

I den neste halvtimen skjedde ingenting, og så kom vinden. Frisk bris frå nordaust betyr at det var berre å pakke saman og stikke heim. Leika meg ei lita stund med UL-stanga og klarte å få ein liten pers på blåstål. Den tok på ein lang strimmel med makrelbuk som eg slepte langs botn. Ikkje den største eg har sett, men kjekt uansett. 31 cm og 380 gram

106436_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42879/106436.jpg

Mattias, ein kollega, landa 4 piggskate på 2 timar torsdag forrige veke. Alle mellom 2 og 4,5 kg. 2 av dei hadde fantastiske mønster, men eg har dessverre ikkje bileta her. Tydeleg at dei trivast i området ved terminalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Endeleg traff yr.no nokonlunde med meldingane. Opplett og 4-5 m/s frå nordaust. Det gir som regel fine forhold i Kråkedjupet. Med 3 krokar og bom + slep og 400 gr bly er det ingen problem med å følge botnen på 50-80 meters djup. Var heldig med drivretninga og kunne ta meg eit driv på 2 timar over fin/grov sandbotn med små bergknausar her og der. Det nappa ikkje så ofte, men resultatet vart bra. Første fisken var ein lysing på 1,6 kg. Det vart også einaste fisken eg tok bilete av fordi eg klarte å flerre opp ein fingertupp på dei sylkvasse tennene i kjeften på lysingen. Blodet rann utan stopp til eg kom heim og fikk bandasjert fingeren. Hadde på kvite oljeklede, men dei var heilt raude når eg svinga inn på havna. Sikkert litt av eit syn. Men lysingen er verdt eit par desiliter i blodtap.

106693_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42978/106693.jpg

Ellers fikk eg 3 hyse og 2 lange på det drivet. Kjørte meg fram på igjen og og fann ein liten flekk på ekoloddet som eg tok fleire korte driv over. Her gjekk det slag i slag med hyse og lange. Fekk også ein dobbel med lysing og hyse. Brukte frosen makrell som agn, men fikk bruke fersk også, då ein makrell hadde symd på slepet mitt. Det funka minst like bra. Bang! sa det og dagens største hyse sat fast. Vill og galen, men til slutt fikk eg vege den til 1,9 kg.

Fikk totalt 10 hyse, der alle var frå 1,0 kg og oppover. Det vart 6 lange frå sykkelpumpe til 4,5 kg. To lysing som begge var 1,6 kg. I tillegg vart det to pale og ein liten hvitting. Mykje god mat!! Fredag blir det kokt sykkelpumpe og pale med lever! Can't wait!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vart ingen tur på havet i dag pga litt for mykje vind, men tok meg ein kveldstur til terminalen. Det vart ingenting spennande denne gongen. Krabbe i fleng, små lyr og ein litt rar torsk. Er det dette som er kongetorsk?

106710_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42988/106710.jpg

Har fått lyr, sei og hyse av denne typen før, men dette var første torsken med litt kort skalle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mopsehode/kongetorsk ja, brukt som værmelder og lykkebringer før i tida.

"Før i tiden når folk ikke hadde værmelding i radio og fjernsyn å forholde seg til, fikk de sine værtegn gjennom tegn i fra naturen. De så på hvordan fugler og dyr oppførte seg, på skyer og andre værtegn for å kunne danne seg et bilde om hvordan været kom til å bli. Flere steder nordpå var det vanlig at man hang en tørket torsk i taket. Folk mente at fisken hadde en egen evne til å dreie mot vinden og kunne lenge før det ble omslag i været fortelle om det kom uvær.

Men for at dette skulle virke, måtte torsken være en ekte "Kongetorsk". Det ble hevdet at dette var en egen fiskeart, som vistnok skulle være en leder eller en konge for resten av fiskestimen. I dag vet vi at "Kongetorsken" er en helt alminerlig torsk med en misdannelse i hodet som gir fisken et litt merkelig utseende. Fikk man en "Kongetorsk" på kroken og ville bruke den som værfisk, måtte den sløyes og renses med hodet på. Etter at den var tørket skulle man henge den opp i taket i en tynn tråd som var festet i fremste ryggfinne.

Under fiske langt borte fra hjemmet var det før i tiden vanlig å ha med seg en "Kongetorsk". Den hang fiskerne opp i rorbua.

"Kongetorsken" kunne ikke bare spå været, mente folk, den kunne også bringe lykke. Fikk for eksempel en fisker 7 "Kongetorsker", ville han så lenge han levde ha lykken med seg på havet, i handel og fiskeomsetning."

Sakset herfra:

http://home.online.no/~fndbred/trsk.htm

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne veka har det skikkelig dabba av med aktivitet på terminalen. Svært få napp som ikkje er krabbe. Til og med sypika er vanskeleg å lure. Skatene fordufta ganske brått, ein kollega fikk 4 på ein kveld og etter det har ingen verken sett eller høyrt noko frå dei. Dei er vel ferdige med leikinga og egglegginga. Er vel då naturleg at dei flyttar seg litt djupare. Eller så er dei så oppfora på makrellavfall frå litauarane at dei ikkje gidd å bite.

Det har gått i lyr og torsk frå mikro til 2 kg dei siste dagane. I kveld vart det berre ein fisk på superstanga. Ein fin hvitting på 1,15 kg, som blir hummaragn til hausten. Mikromeita litt mellom agnskifta. Tanken var ein eller anna kvabbe, men den slags var ikkje å sjå. Etter 6-7 bergnebb kom ei dvergulke pilande ut frå ei tangklyse og glefste over makrellbiten. Den vart fint kroka på str 14 mosquito-kroken. Såg fort at dette måtte være pers, og dermed vart kvelden ganske så bra likevel! :)

11,5 cm og 22,40 gr lyder den ny PB'en på

106983_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/43089/106983.jpg

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skulle på Mjølstadneset å lempe ut nokre store makrellbitar, men sjølvsagt låg der ein båt ved den einaste kaia med ok botn. Det resulterte i rett ned fiske etter små gylter og ellers andre ting som kan finnast der. Fikk utallige små raudnebb, bergnebb og nokre sypike. Ei lita vanlig ulke hadde også lyst på reke. Ein kollega med frue var der også, og dei fekk kvar si grønngylt som var over gamle persen min. Har aldri fått grønngylt på denne plassen før, men det skulle endre seg. Innhaldet i rekeposen nærma seg slutten og eg kjende frustrasjonen kome sigande... eg også vil ha grønngylt.

Heldigvis kom den til slutt. På tredje siste reka sat den endeleg. 19 cm og 112,39 gr. Greit å få flytta persen over 100 gr i alle fall.

107012_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/43107/107012.jpg

107013_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/43107/107013.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.