Jump to content
Fiskersiden

Merkeprosjekt skater i Trøndelag


Recommended Posts

Dette prosjektet blei starta i slutten av mars 2008, og kjem til å vare i mange år. Difor tenkte eg at ein eigen tråd er på sin plass. Dette er eit relativt billig prosjekt, ikkje minst på grunn av lokale heltar. Vilhelm er mannen i felt, medan eg held oversikten frå Tromsø.

Så langt er det merka 170 pigg- og spisskater frå Trondheimsfjorden i sør til Namsos i nord. Det burde vera unødvendig å nevne, men me er veldig avhengig av at folk som fangar desse merka skatene melder frå til Vilhelm eller meg, eventuelt her på sida. Viktige opplysningar som må skrivast ned (ikkje stol på minnet ditt!):

-nummer på merket

-lengde frå snutespiss til halespiss

-største breidde

-vekt

På sikt vil det koma fleire detaljer om prosjektet, men sidan mange antakelig er nysgjerrig på korleis sluttresultatet blei etter NM i sjøisfiske på Lygnin presenterer eg nøkkeldata:

Ei spisskate og 30 piggskater blei merka. Av sistnemte art blei fire tatt to gonger i løpet av helga. Totalt blei det to av det me kallar reelle gjenfangstar. På laurdagen tok VM284 agnet igjen, og den blei merka 15. desember 2008. På søndagen blei VM263 fanga etter å ha vore på frifot sidan 17. januar 2010. Ingen av dei to hadde blitt særlig større. Ei utfordring for oss er å få nøyaktige målingar sidan skatene kan vera lite samarbeidsvillige, men me jobbar for å betre dette.

Eg vil takke alle som orka å ringe meg, og sat med handa nede i isvatnet medan merketeamet rykka ut med scooteren. Ein ekstra stor takk går til Anders som stilte med scooter. Det hadde vore vanskelig utan!

Etterkvart vil eg fylle på med grafar i denne posten.

Link to comment
Share on other sites

IMG_1284.JPG

Her er fisken som ble tatt første gang 17. januar 2010. Krister fikk den før fuglene feis søndag morgen. På en godt tilgrodd tag stod nummeret VM263. Fisken var nå 85 cm lang, 58 brei og veide 4,52 kilo. Arve sine data viser at denne altså ble merket 17. januar 2010. Da var den like lang, men 55 cm brei. Vekten var 3,95kg. Fisken ble også tatt på omtrent samme plass som sist. Krister er for øvrig svær, om noen synes fisken ser liten ut.

Edited by Fisk og rask
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.