Dr. Hook

FS Julekalender 7. desember 2012

Recommended Posts

FS Julekalender 7. desember 2012

(Eg vil på førehand beklage at nokre av hyperlenkane i denne tråden leiar til rapportar der bileta har blitt spist opp av interveven.)

(Eg vil også beklage at nokre av avsnitta har fått ei ektra tom linje mellom kvar linje, men det er mogleg dette er kun hos meg.)

Denne tok si tid, men eg håpar den var verdt å vente på. Eg brukte presis 3 liter øl på å fullføre den.

Eg hadde eigentleg tenkt å leggje ut ein rapport i denne luka. Ein rapport om lakefiske. Etterkvart fann eg ut at eg måtte ha ein litt særegen vri på denne rapporten, sidan sannsynlegvis fangsten åleine ikkje ville være nok til å fengje massene (noko som viste seg å stemme). Vel fornøgd med å ha funne på noko originalt, sat eg og venta på at datoen skulle kome, og rapporten var ferdig og klar til å spreiast på "veven". Men... Plutseleg kom denne tråden, og eg forstod at mi "lakeluke" allereie var grusa... Kva no? Skulle eg tenkje "jaja, la gå", og la dykk edle menn (og kvinner?) lide dykk gjennom ei ny og dårlegare lakeluke? Svaret er nei.

Dykk fortener beire!

Derfor bestemte eg meg for å skrive ein rikt billedsett tordentale; "Kvifor eg hatar ferskvassfisk!"

Men sidan det er jul og alt det der, så tenkte eg at det var lurt å unngå å "hate" for mykje, så eg fann difor ut at det var betre å skrive ein annan tekst; "Kvifor ferskvassfisk hatar meg!"

Til slutt landa eg alikavel på å kalle den "Mitt liv som ferskvassfiskar", sidan det uansett vil kome tydeleg fram i teksten ferskvassfisk hatar meg.

Så her kjem det altså, det grandiose eposet:

Mitt liv som ferskvassfiskar

av Dr. Hook (Ikkje eigentleg doktor, men det er kulare enn "Mr. Hook")

Det er blitt meg fortalt, at eg kom til verda ei kald, stormfull desembernatt ved Volda sjukehus i det herrens år 1986.

Men eg trur dette er berre tøv.

Eg trur eg vart funnen under ein stein i fjøra. Eg har rota i fjøra sidan eg kunne gå, og eg trur dette er noko av grunnen til at eg skræmande tidleg vart nærmast skadeleg avhengig av fisk. Ikkje av å ete fisk, sniffe fisk, eller å ta det analt. Nei, eg var avhengig av kunnskap om fisk. Eg teikna kun fisk. Eg snakka kun om fisk. Eg las ALT eg kom over om fisk. Eg pugga fiskenavn på latin. Eg hadde òg utvikla ein finspissa eigenskap til å vinkle alt skulearbeid inn mot fisk. I vurderingsboka frå barneskulen står det: "Utmerkar seg særskildt godt i o-fag, men noko einsretta interesse." Han trong ikkje skrive meir, alle viste det. Det var fisk han meinte.

Denne noko spesielle galskapen for eit barn å ha, utvikla seg sjølvsagt til eit indre kall om å "catch 'em all", for å sitere Pokemon. Eg førde lister, og etter å ein gong tidleg på 90-talet å ha lest i eit gammalt Villmarksliv at der var spesielle KRAV som måtte innfris for å kome på rekordlistene, og for å kalle seg ein "sportsfiskar", vart både harpesnøre, ruser, snik og oter liggande og støve nede. Eller, oteren var vel allereie nedestøva..

Eg fiska og eg fiska, men sidan eg bodde på Sunnmøre, var det lite ferskvassfiske. Etter det eg visste då, var det kun "krede" (aure) på Sunnmøre. Og kanskje ein ål eller to. Laks talde eg ikkje med ein gong, for det er jo umogleg å få. Ei periode var eg heilt idiot, og satt og batt eigne fluger av ulltråd og julepynt på str. 8 markkrokar, og innbilte meg at eg skulle "flugefiske" meg min eigen monsteraure. Hadde lest for mykje AoF viste det seg, og flugene fungerte like godt som småstein.

Den største aura eg har fått, fekk eg på meitemark i eit tjern/dam/brønn/høl på Ytrebø. Eg veit ikkje kva årstal dette var ein gong, men eg vil tippe det var rundt 98/99. Eg hadde ikkje vekt, men den målte absurde 34 cm.

Eg har heller ikkje bilete av denne, men her er eit bilete av ei kråke vi skaut i same området i fjor:

Foto0130.jpg

Nokre skarpe knivar har kanskje observert at eg har ål på ferskvasslista? Ikkje la dykk lure.

Eg veit ikkje kvifor eg har ført den under ferskvatn, for eg fekk den i saltvatn. Eg er kompis med kong Neptun, og han skjenka meg ein ål på 500 gram den 18. august 2001. Dette er den fyrste, einaste, og sannsynlegvis den siste ålen eg har fått.

Eg har ikkje bilete av denne heller, men den såg ca. slik ut:

aringl.jpg

Andre skarpe knivar har kanskje oppdaga at eg har trepigga stingsild på lista. Desse har eg etterkvart fått haugevis av på Runde, alle i saltvatn, der eg er kompis med kong Neptun. Den største av alle tok eg også i saltvatn, ved Dragsundbrua. I ferskvatn har eg ikkje sett snurten av sorten. (Ikkje at eg har leita)

Rekorden, sannsynligvis min største fisk ever (mtp. vektpotensiale hos arten), 7,56 gram, den 6. juni 2010. (Les meir her)

Stingsild756g104cm060610.jpg

Sjølv om eg er kompis med kong Neptun, er det verre med ferskvatn. Ferskvatn har, med det eg veit, ikkje nokon eigen gud. Korkje romersk, gresk eller norrøn mytologi, nemner ein "ferskvassgud". Eg trur eigentleg at det bor eit slags troll eller kanskje ein nøkk i kvart enkelt vatn eller vassdrag, som kontrollerer dette med jarnhand. Det tek laaang tid å bli kompis med slike vesen, og det må gjerne 7-8 turar til på same plass, før ein er så heldig å bli skjenka noko som er verdt å skrive heim om. Dette er einaste forklaringa eg finn, på at eg gong etter gong har freista meg på ein ny ferskvassart, utan hell. Dei lokale seier den er "bankers" (eit uttrykk som eg har lært meg å ta med ei trillebår salt), og eg forskar meg opp på artens levevis, diett, sesong og metode. Det spelar ingen rolle, for sidan det lokale "trollet" ikkje er vandt med sunnmørsk blod, går det bånn i bøtta på trynet nærmast kvar bidige gong. Her skal eg ramse opp eit knippe utflukter:

August 2008 - Harr i Gudbrandsdalslågen

Eg skulle ein svipptur til Lillehammer på ein festival med det oppfinnsomme navnet "Metal Rock Fest", og såg då ei anledning til å krysse av ein "eksotisk" art i ein ledig augneblink. Kjeldene oppgir "bankers" plass, gir meg instruksjonar om at grøn fluge eller zulu silver er "bankers" etter harren, og at august var "bankers" tidspunkt. Kort historie kort: Dagen var nydeleg, fisken vaka som besatt, eg fiska med korrekt fluge og dupp, på korrekt plass i 2 timar i strekk. Eg hadde til og med kjøpt fiskekort.

Ingen fisk. Ikkje eit napp.

Sidan eg ikkje fekk harr, får dykk heller dette biletet av meg som et pizza på same turen:

August08.jpg

September 2008 - Gjedde i Langevåg (Les meir her)

I september same året, finn eg til mi store overasking ut at det finst gjedde på Sunnmøre, nærare bestemt, i Langevåg.

Kalland kjenner ein som kjenner ein som har sagt at han får gjedde kvar einaste tur han er der. "Bankers", med andre ord.

Eg, Ørjan og Kalland riggar opp til tidenes ekspedisjon, handlar inn wobblerar, monster-spinnerar, poppers, store skeislukar og til og med ein livaktig, flytande sprellande gummifrosk med krok og eigen innretning for å unngå siv. Vi tok med mikromeiteutstyr som heilgardering i tilfelle vi såg yngel ved vasskanten. Alt burde være "bankers". Fekk vi fisk? Nei. Det var langgrunt, og det var berre Kalland som var kar nok til å kaste langt nok til å nå utanfor vegetasjonen på dei aller fleste plassane. Dei plassane vi klarte å fiske effektivt, gav ikkje fisk, eller napp.

Høgdepunktet på turen var då Kalland satt seg fast i ei myr på motsatt side av vatnet, og måtte ringe oss for å ikkje forsvinne heilt.

Sidan vi ikkje har bilete av då Kalland satt seg fast i myra, får dykk heller dette biletet av Kalland i ei anna myr, på same turen:

September09.jpg

September 2008 - Røye på Sandvikvatnet

Fortsatt september same året, byr min onkel meg med på hyttetur ei helg i September. Turen går til Sandvikvatntet i Vanylven. Vanylven kommune er jo for meg eksotisk. Det er fortsatt i Møre og Romsdal, men det er NESTEN i Sogn og Fjordane, og det er jo sjølve definisjonen på eksotisk i min målestokk. Og desto meir eksotisk, der fanst RØYE i vatnet. Eg les meg sjølvsagt opp, handlar inn røyeblink, paravan, røyeslukar som er "bankers", og dorgar så djupt som mogleg midt i vatnet. Kort historie kort: Det gjekk to dagar, eg fekk ikkje røye. Eg fekk EIN aure. Den minste. Min onkel fekk 4.

Sidan eg ikkje fekk røye, får dykk her eit bilete av ein frosk som eg tok på same turen (Eit av mine beire motiv, om eg må skryte):

September2008Sandvikvatnet.jpg

Mai 2009 - Gjedde i Langevåg - Forsøk 2 (Les meir her)

Kort historie kort: Same oppskrift som forrige gong, einaste forskjellen var at Kalland ikkje sat fast i ei myr, og at eg faktisk fekk ei gjedde på svimlande 340 gram! Ein praktfisk som viser at eg er ein vaskekte ferskvassfiskar! Det er kanskje den einaste gjedda eg har fått, men med litt mjøl, salt, pepar og smør, smakte den eigentleg ingenting.

Heilt rått:

Gjedde034kg425cm210509.jpg

August 2009 - Røye på Moltu

Kalland hadde jobba som budeie på Moltufjellet ein heil sumar, og hadde på den tida klart å lurt opp ein røyeyngel i eit vatn der. Sidan dette var ein kort køyretur på 20 minutt, tenkte eg at det var verdt turen. Han hadde også ein båt til rådigheit, og eg såg lyst på dette forsøket. Kort historie kort: Turen bles vekk. Båten kunne kanskje takle ein person på stille vatn, men 3 pers i frisk bris vart eit sjølvmordsoppdrag.

Her er eit bilete av andletet mitt når det går opp for meg at turen går i dass:

August09.jpg

Som ein liten kuriositet, slenger eg òg med eit bilete av tåa til Kalland, som vart trakka på av ei ku, under nettopp same budeieopphaldet som eg beskriv over. Merk dykk at naglen er borte. Artig.

Bilde0293.jpg

Mars 2010 - Mort / abbor i Oslo

Eg skulle ein tur på Lamb Of God konsert i Oslo, og såg det sjølvsagt som ei god anledning til å få noko eksotisk. Eg hugsar ikkje heilt kva for eit vatn eg fiska på, men med kyndig guiding, lån av isfiskeutstyr, og gode tips frå Perca, var det etter forholda gode sjansar for at eg skulle få anten mort eller abbor på isen. Eg tek førehald om at eg hugsar feil her, men eg meinar å hugse at gudane ville det slik at Perca skulle både få motorstopp, og miste eit hjul på bilen på vei til jobb denne dagen, noko som forsenka fiskeriet betrakteleg. Eg fekk alikavel borra nokre hol i isen og sleit vekk eit par pilkar i røter og stein, før eg måtte pakke saman og gå tilbake til sentrum. Joda, eg kunne tatt buss, eller tog. Men det hadde seg slik denne dagen, at eg hadde lagt att lommeboka og mobilen på Cochs pensjonat.

Eg fekk korkje mort eller abbor denne dagen, men her er eit bilete eg tok når eg gjekk tilbake til sentrum:

mars2010.jpg

Januar 2011 - Røye på Andestadvatnet (Les meir her)

I januar 2011 har eg og Kalland på mystisk vis fått føre oss at vi skal fiske røye på isen. Eg har blitt gal, og kjøpt isbor, et par pilkestikker, røyeblinkar, is-ause, sitjeunderlag, mårmysjka og alt som høyrer med. Sidan maggot ikkje er markedsførbart på Sunnmøre, fiskar vi med kokte strandreker, og forar i hola med krabbekjøt og rekeskal. Heile dagen går med til dette intense kikkfiskeriet, og det nærmaste eg kjem å få røye på lista, er å ha ein kompis (Kalland) som får aure som bifangst under røyefiske.

Kalland poserar stolt med turens einaste fisk:

RSCN4671.jpg

April 2012 - Aure på Hemmeligvatnet, Hemmeligøya

Aure? Kvifor fiske aure? Eg har den jo på lista?

Jo, fordi eg ikkje hadde vekt på min pers. Den sto som eit svart hol i listene. Eg hadde ikkje årstal eingong! Og eg kunne ikkje stryke min gamle pers før eg hadde fått aure på over 34 cm, og vegd denne. Kalland, som er ein dreven aurefiskar, hadde fått eit titals fisk på kvar tur denne sesongen, og all fisken var feit, fin matfisk mellom 500 og 1200 gram. Eg fekk presentert bilete, og det heile verka truverdig. Han hadde stong klar til utlåns, og han hadde 100 slukar som var "bankers", som eg også fekk låne. Han guida meg heilt fram, peikte på "bankers" plass, og det var berre å kaste ut, og sveive inn ny pers, med vekt og alt. Kort historie kort: Eg fekk ikkje fisk. Vi fiska i timevis, men til inga nytte. Kalland får ein liten aure, men det einaste eg presterer, er å slite vekk heile fem av hans favorittslukar, noko han skjølv aldri har fått til.

Når eg sit fast den sjette gongen, får han nok av slukmassakeren, og ofrar seg for å berge ein sluk til 30kr:

April12.jpg

Juli 2012 - Røye på Snipsøyrvatnet

Ikkje longt i frå heimstaden til dama, er det eit stort vatn som husar røye. I juli i år, freista eg meg der med båt, paravan og sluk heile to gonger. Kort historie kort. Eg fekk ein aure. På makk.

Sidan eg ikkje har bilete av denne aura, får dykk eit bilete av ein urinerande hund frå same turen:

juli2012.jpg

August 2012 - Karuss i Munkauntjønna (Les meir her)

I august, flytta eg til Nidaros, og då vart det plutseleg andre boller! Både eg og Frank vinsja opp eine karussmonsteret etter det andre i dette sagnomsuste hølet.

Mi største karuss. Ever. 18,8 gram. (Av ein eller annan merkeleg grunn er biletet opp/ned, men det er seint, og det får berre bli slik.)

Karuss188g11cm190812.jpg

August 2012 - Mort i Haukvatnet (Les meir her)

I august går det slag i slag. Nytt territorium, og ny art. Ein kjempe sådan! Lite å skrive som ikkje er skrive frå før.

Megamort, 26,3 gram:

Mort263g151cm240812.jpg

Oktober 2012 - Monstermort i Haukvatnet

Som den specimen-morte-fiskaren som eg er, slo eg meg ikkje til ro med eit beist på 26,3 gram, så eg tok like godt å dobla den og vel så det i oktober. Eg fekk heile to fisk.

Eg hadde eigentleg som mål å slå gjeddepersen på 340 gram, men etter ein dag med dette fisket, forsto eg at 60 gram var taket.

Mort60g203cm041012.jpg

November 2012 - Lake i Indre Gokk

Trøndelag hadde jo gitt meg ferskvassfisk på sølvfat, så eg tenkte at dette var "bankers". Eg fekk oppgitt både ein og to "bankers" plassar, og fekk vite at dette "burde være bankers". Heilt ærleg veit eg ikkje kvar vi var. Det var mørkt, og eg hugsar ikkje stadsnamna. Men på eine plassen hadde NKML slept opp lake etter lake på kort tid, og håpet vaks som vanleg proporsjonalt med forumbruken.

Resultatet ser dykk her, i form av det radioteateret eg opprinneleg hadde tenkt skulle være mi "lakeluke":

Eg kan leggje til at vi seinare same månad, drog vi tilbake til sistnevnte plass. 4 mann, 4 timar, 4 minus, null fisk.

For fyrste gong, hadde Trøndelag svikta...

Dette skulle eigentleg være slutten på denne luka. Men sidan eksamenstida endeleg er her, og vi studentar får litt tid til overs til å lese på eksa.. øhh.. fiske, hadde eg siste tida har forska meg fram på røyevatn i området. Eg rakk akkurat ein tur i dag (eller i går om du vil), for å prøve meg på isfiske atter ein gong. Sjølv om eg enno aldri har fått fisk på isen, er eg tydelegvis gal nok til å drasse med meg Frank, køyre rally "longt hondivilt til skogs", og traske gjennom skog og fjell for å nå Svarttjønna. Eg hadde blitt fortalt at det var enklare vatn å få røye på, men dette var vatn som også husa aure. Med min karma hadde eg då garantert fått aure. Eg hadde ingen planar om å fryse k**en av meg for å ende opp med aure, og sikta meg derfor inn på det som skal være eit reint "røyevatn", nemleg Svarttjønna.

2012-12-06141626.jpg

Kort historie kort: Akkurat når vi hadde fiska til det punktet at vi var tom for gløgg, og nesten tom for dagslys, og når fingrar/tær var så kalde at det eigentleg ikkje gjorde vondt lenger, fekk eg ENDELEG, min nemesis RØYE på kroken!

Pur lykke:

2012-12-06134751.jpg

Frank sin var størst, men eg fekk to!

2012-12-06140153.jpg

Kjøkenbilete høyrer med. Frank sin øverst (186g), og mine to nederst (156g og 108g)

2012-12-06153613.jpg

Vi feira med kaffi og stramme bukser:

2012-12-06162113.jpg

GOD JUL!

Edited by Dr. Hook

Share this post


Link to post
Share on other sites

Ypperlig..!

Morsom lesning, men lo aller mest av bildet hvor du hadde langt hår... :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

artig luke, og ett lyspunkt i noe som kommer til å en LAAANG dag, så denne skal leses på nytt. PS: vis du noengang finner noe måte å bli kompis med disse trolla, nøkken eller dræugen på send ett pip å forklar :D

Share this post


Link to post
Share on other sites

Strålende luke, til å le seg ihjel av. Radioteateret er noe av det beste jeg har sett/hørt her inne. Du er en røver i trøndersk :D

Share this post


Link to post
Share on other sites

Herlig og morsom lesing :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Helt, aldeles fantastisk!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Takk for gode tilbakemeldingar! :)

Den vart lang, og det vart seint på natta, men det er godt å ha "fått det ut". (Oi, den setninga kan brukast om forskjellig..)

Share this post


Link to post
Share on other sites

HELT fantastisk! Glimrende skrevet på skikkelig nynorsk - slikt liker vi. Og radioteateret - beste siden "den tapte verden".

TAKK!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Tullball, du e føkd! :D

Fantastisk fremstilling av en innholdsrik ferskvanns-karriere! :thumbsup:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Jeg tror du kan anse Medusa som det nærmeste du kommer en ferskvannsgud, med tanke på erfaringene dine. :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Herlig! Rett og slett en fantastisk skildring av din "suksess" etter ferskvannsfisk gjennom tidene. Radioteateret var også såpass bra at både jeg og min fiskemessig uinterreserte kompis lo rått. :D

Kan som en kuriositet nevne at slektsnavnet mitt stammer fra en plass nord for Florø, så du var ikke helt på jordet.

Grattis med røye og! Gøy at du tok den i svarttjønna :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Grattis med røye og! Gøy at du tok den i svarttjønna :)

Den fyrste var ein skikkeleg pinne, men dei to andre vi fekk var feitare. Vi steikte dei to minste i mjølblanding, og tok like godt å baka den tredje i omnen med gulrøtter, salt, kvit pepar og timian. Fisken var heilt kvit, men grei på smak. :)

Dette med maggot er ukjendt for meg, men dette er hardføre beist!

Fyrst fraus dei heilt stive, kaldt som det var. Eg regna med dei var daude, og brukte eg dei til å fore med. Ein time seinare går vi tilbake til hølet og får fisken som no har spist desse. Fisken frys til ein ispinne, og blir med heim etter to nye timar. Når vi då sprettar den under rennande vatn, våknar maggoten i magen på ny, og ligg å sprellar i vasken.

Dette er arten som vil arve planeten!

Share this post


Link to post
Share on other sites

du kunne vel ikkje oppgitt navnet på hemmligvannet på hemmligøya på sunnmøre, er vel ikkje Alnesvatnet på Godøya på Sunnmøre??

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...